Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kvar måndag spreier denne gjengen song, musikk og glede. No er dei klare for å live opp stemninga på julebordet også.
– Her inne spelar det inga rolle om du er professor eller tilsett i administrasjonen, her inne er vi alle like, seier Gro Nesse-Bremer, som er fyrstekonsulent på Universitetsmuseet, medan ho går opp trappene til rommet som kvar måndag er øvingslokale for ein heilt spesiell gjeng.
Lavterskelinstrument
– På måndagane er museet stengt, veit du. Her oppe er vi så langt unna alle kontora at vi ikkje forstyrrar nokon når musikkgleda tek overhand!
Og musikkglede er det mykje av når <<Universitetsmuseets Ukulele Club>> møtast for å synge og spele. Allereie før vi er komne inn i rommet så høyrer vi blandinga av latter og klimpring på ukulelestrengar.
– Ukulele er eit lavterskelinstrument. Det er eit enkelt instrument å lære seg, fortel Kari Klæboe-Winther Kristoffersen, som er seksjonssjef for Universitetsmuseet og primus motor for ukuleleklubben.
For omlag to år sidan byrja ein gjeng å teste ut litt ulike instrument, og valet fall til slutt på ukulelen.
– Vi har i grunnen ikkje hatt nokon utviklingsplan, det har kun vore for å ha det gøy! Sang og latter er den beste måten å ha det gøy på, tenkjer vi. Nokon her har sunge før, nokre har skodespelarbakgrunn og andre ingen av delene.
(Artikkelen held fram under videoen)
Ukulele from På Høyden on Vimeo.
–Det er lov å le av ukulelen
Ukulelen kom frå Portugal til Hawaii frå på slutten av 1800-talet og fekk der sitt nye namn som betyr noko slikt som <<hoppande lopper>>, kanskje på grunn av fingerbevegelsen når ein spelar på ein ukulele.
– Det er lov å le av ukulelen og å sjå den som eit komisk instrument, men det er jo fint også. Den gir ein fin lyd og ikkje minst er den selskapsvenleg. Det er jo så lett å ta den med seg, den er ikkje slik som klaveret, seier Kristoffersen.
– Vi hadde heilt klart hatt eit større problem om vi hadde hatt ein klaverklubb, seier Bremer og ler.
Og ler det gjer dei i ukuleleklubben. Ofte og høgt.
–Det er så gøy å syngje saman. Det er sosialt og vi ler ganske mykje, og det er jo sunt, seier Bremer og ler høgt nok ein gong.
Julebordsunderhalding også i år
Eit av høgdepunkta for ukulelegjengen kom på julebordet til Universitetsmuseet i fjor då dei opptredde for fyrste gong.
– Altså, vi ventar ikkje på å bli spurt… Vi melder oss, seier Kristoffersen og ler.
– I fjor meldte vi oss, for det var eit veldig fint mål å ha å jobbe fram, men i år vart vi faktisk spurt, seier Bremer og ler enda høgare.
No er det full konsentrasjon og øving fram mot julebordet som er den 18. desember.
– No har vi valt ut dei songane som vi kan sånn nokon lunde aller best, pluss dei som vi likar aller best. Problemet er berre at ikkje alle har dei same favorittane, så bunken med alternativ er ganske lang, seier Kristoffersen.
– Så det kan bli eit langt underhaldningsinnslag på julebordet?
– Vi har heldigvis litt sjølvinnsikt. Vi er heilt med på at det er ei øvre grense for kor mykje ukulele som er akseptert, så vi skal finne eit passeleg utval. Det blir ei blanding av julesongar og <<bli i godt humør-songar>>, fortel Kristoffersen medan ho leikande lett øvar på ein av songane på sin ukulele.
– Men på øving går vi gjennom heile røkla, det er jo halve moroa, seier Bremer og fyller øvingslokalet på nytt med sin trillande latter.
– Det finst jo så utruleg mange fine songar. Det er det som er problemet. Kvar måndag så er det nokre nye låtar vi må prøve oss på, dermed veks bunken.
Dersom det no skulle vere slik at ditt julebord manglar eit musikalsk innslag så kan du ta kontakt med denne glade gjengen.
–Altså, no er vi jo fyrst og fremst klare for å underhalde på Universitetsmuseet, men folk må berre ta kontakt så kan vi sikkert forhandle oss fram til ein avtale, seier Bremer og smiler.
Lyst å bli med?
Går du som les med ein liten ukulelespelar i magen, blir den muntre gjengen meir enn glade om du vil vere med i klubben.
–Det er berre å bli med, det er kjekkast når det er mange. Det høyrest betre ut også. Høyr berre no når vi sit her og spelar, det er jo omtrent så vi kan høyre palmesusen!
Skal du eller dine kollegaer bidra med noko spenstig til årets julebord? Send oss gjerne video eller bilete; tips@paahoyden.no