Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
No i førjulstida går Universitetets Symfoniorkester (USO) nye vegar, og inviterer til førjulskonsert i samarbeid med korskulen i Åsane.
Søndag 7. desember klokka 1900 byr det seg ein sjanse til å finne attende til førjulsfreden. Då blir det konsert i Åsane kirke med korverk av mellom anna Mozart og Bach på programmet. Ho vonar programmet kan hjelpe folk å finne roa i førjulstida, sjølv om det ikkje er mangel på julekonsertar.
– Det var Jan Røshol, kantor i Åsane kirke, som vende seg til oss i USO med spørsmål om vi ville gjere eit juleprosjekt, fortel Mette Solvår Bakken, som sjølv spelar fiolin i orkesteret.
– Så du kan seie at denne gongen spelar vi på oppdrag. Men vi har vore med på å utarbeide programmet i samarbeid med Røshol.
Onsdag denne veka var det orkesterprøve utan kor i store auditorium på studentsenteret, USO sitt faste øvingslokale. Lyden høyrest litt spinkel og tørr i det store auditoriet.
– Men vi har øvd litt med kor i kyrkja, og det var ei stor oppleving. Det blir ein heilt annan akustikk enn vi er vande med, seier Bakken.
Himmelsk requiem
– Vi skal spele Exultate jubilate av Mozart, som mange kjenner frå før. Og no har vi øvd på Requiem av Gabriel Fauré. Det er kanskje ikkje akkurat julemusikk, men det er eit requiem som trekk fram det vakre og himmelske, framfor det dystre og dramatiske. Solistane er folk som høyrer til kora i Åsane.
USO held to konsertar i semesteret, og spelar vanlegvis symfoniske verk og solistverk. Men Bakken vedgår at kor-samarbeidet har gjeve meirsmak, og ho ser ikkje vekk frå at ein ny tradisjon er etablert med dette juleprosjektet.
– Vi set pris på at lokale kor ser på oss som potensielle samarbeidspartnarar. Vårsesongen ser også spennande ut, det er fleire spennande solistar som har kontakta oss, fortel ho.
USO består for det meste av tilsette og studentar ved utdanningsinstitusjonane i Bergen. Men der er alltid plass til fleire medlemmar, og Bakken oppmodar interesserte om å kome innom på dei faste øvingane på studentsenteret onsdagskveldane.
– Og om nokon har eit tips til kvar vi kan øve når dei riv studentsenteret, må dei for all del ta kontakt! legg ho til.