Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er på tide å koma seg ut av mellomalderen, meiner Gry Kibsgaard. Men universitetsstyret støtta henne ikkje i at dei teknisk og administrativt tilsette skal få meir makt i rektorvalet.
– No er tida då ein kan ønskja seg noko fint til jul, sa Gry Kibsgaard, som representerer dei administrativt tilsette, då universitetsstyret hadde møte før helga. Saka gjaldt vekting mellom dei ulike gruppene i samband med rektorvalet. Ifølgje universitets- og høgskulelova skal røystene til dei vitskapleg tilsette vega mellom 51 og 71 prosent, studentane sine stemmer skal vega mellom 15 og 30 prosent, og stemmene til dei tekniske og administrativt tilsette skal vega mellom 5 og 25 prosent. Vil vera likeverdige – Me i gruppe C har levd lenge med låg vekting. Det er på tide å koma ut av mellomalderen og verta sett på som likeverdige, sa Kibsgaard. Ho viste til at i Oslo tel stemmene frå denne gruppa 22 prosent, i Stavanger 18 og i Tromsø 24,5. – UiB er faktisk nest verst i klassen. Verst er Høgskolen i Bergen, der røystene frå denne gruppa tel 15 prosent, utdjupar Kibsgaard til På Høyden. Ville følgja Oslo – Sjølvsagt kan eg vera snurt og seia at dette viser at ein ikkje er oppteken av dei administrativt og teknisk tilsette. Eg trur ikkje det er slik. Men det er veldig enkelt å vedta eit forslag som ligg i bordet, eit forslag som ikkje er diskuterande men berre konkluderande, seier Kibsgaard. Før førre rektorval sa ho akkurat det same om vektinga. – Eg synest me har levd lenge nok med ein arkaisk prosentdel. Rektor er leiar for alle ved UiB. Når me får ein så liten del, seier ein eigentleg at me ikkje er kompetente til å velja leiar. Vår påverknadskraft er mindre enn studentane si – og dei er berre innom nokre år før dei fer vidare, seier Kibsgaard. Vert diskutert – Særleg rundt val, og det er òg diskutert i fagforeiningane. Òg i forskarforbundet, som har mange medlemmer i administrasjonen. Ho understrekar at ho ikkje ville ta frå studentane makt. – Det var ikkje så mykje eg ba om til jul, berre 22 prosent. Men det ville ein altså ikkje gå for. Ved førre val vart kvar kvar røyst frå dei vitskapleg tilsette til 2,66 vekta røyster, medan røystene frå dei tekniske og administrativt tilsette vart til 1,09. Studentane sine røyster talde derimot berre 0,4 kvar. Dette heng saman med kor stor prosentdel i dei ulike gruppene som nytta røysteretten sin.
Som På Høyden tidlegare har skrive, var vektinga ved førre rektorval 59 prosent for dei vitskapleg tilsette, 25 prosent for studentane og 16 prosent for dei teknisk og administrativt tilsette. Dei same tala var forslaget då universitetsstyret handsama saka førre veke.
Kibsgaard sitt forslag var at UiB skulle følgja Universitetet i Oslo si vekting. Det ville seia 22 prosent til dei administrativt og teknisk tilsette, 25 prosent til studentane og 53 prosent til dei vitskapleg tilsette. Dette forslaget fekk berre hennar røyst.
Kibsgaard seier at forholdet mellom dei ulike gruppene er eit tema som vert diskutert av dei tekniske og vitskapleg tilsette.