Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Årets julekort kan no tingast på UiB sitt profiltorg. Der kan ein også finne nye versjonar av lysark til PowerPoint-presentasjonar.
Julekorta kjem med fire ulike motiv, med og utan tekst, og blir leverte med konvolutt. Som i fjor kjem korta frå Amnesty International. Dei kan tingast ved å fylle ut eit enkelt skjema i nettbutikken på profiltorget.
På profiltorget har ein også ei stund kunna laste ned lysark til bruk for presentasjonar på skjerm eller på overhead. No er det lagt ut engelske og språknøytrale versjonar av desse malane, og fleire vil kome etter kvart. Lysarka kan lastast ned fritt.
Det er også lagt ut offisielle ”namnetrekk”, det vil seie kombinasjon av namn og logo, for dei administrative einingane og for fakulteta. Desse kan lastast ned i ulike versjonar og brukast på trykksaker.
UiB sitt profiltorg gjev informasjon om den visuelle profilen til UiB, og tilbyr varer og tenester knytt til profilen. Torget skal vere ein nettstad i utvikling, og nye element og tenester vil bli lagt til etter kvart.