Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Fjerde etasje, den egyptiske samlinga, Bergen Museum: Museumsvakt Richard Saure (31) kjem på jobb etter helga. Han går straks til monteret der shabtiane, dødens hjelparar står, Saure kan slå fast at dei små steinfigurane har flytta seg endå meir i løpet av dei siste to dagane.
– Dette er heilt uforklarleg. Ingen har vore i nærleiken av figurane sidan utstillinga opna i mai 2001. Glasmontra har vore låst heile tida, og figurane har bevega seg litt og litt over tid, fortel Saure. Shabtiane blir sett på som å ha ei magisk kraft og ha særskilde evner. I følge gammal egyptisk gudetru skulle desse magiske trefigurane hjelpe den daude i dødsriket. Dei skulle ta jobben om Osiris, guden i dødsriket, bad den daude om å arbeide. Rikfolk hadde inntil 365 shabtiar, dei fattige hadde kanskje ingen, eller ein eller to. Etter at dei vart plassert i monter har ein av dei små hjelparane flytta seg omlag fem centimeter bort frå der han opphaveleg stod, han har og vendt seg 90 grader, med andletet vendt mot døra. Tre andre av i alt sju shabtiar har flytta seg, og er i ferd med å snu seg. Rommet til Egyptsamlinga er dunkelt belyst, i store glasmonter ligg to mumier i kistene sine, ei vaksen kvinne og ein ung mann. Ho har vore av høg byrd, og har hatt mange shabtiar med seg i grava. Han trivs svært godt i lag med alle dei gamle gjenstandane på museet, med historiene som følger tinga, og med dei rastlause shabtiane.
Dei rundt 3000 år gamle shabtiane, som alle skal vere av hankjønn, har oppført seg merkeleg heilt sidan dei vart henta opp frå kjellaren på museet i 2001. Då hadde dei lege bortgøymde i over hundre år, med unntak av nokre korte glimt fram i lyset, sist på 1950-60-talet. Kanskje har dei vore på museet heilt frå 1820-talet. Det ein veit er at gjenstandane i egyptsamlinga kom til museet mellom 1828 og 1903.
Arbeidde for dei daude
– Slik kunne desse småfolka steppe inn å gjere arbeidet om avdaude skulle bli avkrevd ein arbeidsinnsats i det neste livet, medan den daude skulle slappe av og nyte livet.
Første gong Shabtiane ved Bergen Museum oppførte seg merkeleg var då dei først vart henta fram frå kjellaren. Dei stod då oppreist i ein pappkasse.
– Då vi kom på jobb neste dag låg alle unntatt to, hulter til bulter. Over natta hadde det skjedd noko uforklarleg. Besynderleg nok var dei som framleis stod oppreist ikkje-autentiske. Medan dei som hadde velta var ekte, fortel Richard Saure.
Spor i støv
– Vi har spekulert i om det kan vere vibrasjonar i golvet, men kvifor er det då berre i den eine etasjen i monteret at det beveger seg?
– Det verkar som den eine er ein slags anførar, for han har heile tida leia an, medan ein etter ein av dei andre har byrja å bevege seg. Sjå her, seier Saure og peikar, her kan du sjå spor i støvet etter der han har gått.
Også i eit anna monter rett i nærleiken av shabtiane er det uro. Her har ein kvinneleg gudefigur i tre snudd seg 180 grader og står no med andletet vendt inn mot veggen i monteret. Ho hadde truleg snudd seg heilt rundt om ho ikkje var stoppa av veggen. Støvspor viser at ho har flytta seg mange centimeter. Andre figurar i same monter har ikkje bevega seg.
Er skeptikar
Gammalegyptisk musikk lyder frå ein diskret plassert cd-spelar bak eit monter og Richard Saure avviser ingen forklaringar på uroen til shabtiane. Det er eit mysterium.
– Mange har opplevd “ting” på museet. Eg er skeptikar, og er på ingen måte nokon overtruisk mann, men folk som kategorisk avviser at det fins uforklarlege ting er på villtur, hevdar Saure. Han har studert religionsvitskap og har ei sterk og langvarig interesse for Egypt i den gamle høgkulturen.
– Eg har stor respekt for gjenstandane her i museet og eg har respekt for alle aspekt ved det egyptiske samfunnet og deira tru. Det er fint at ein har nokre mysterier att, seier Saure.
Berømt spøkelse
– Eg kvepp ikkje så lett. Eg har ein forkjærleik for skrekkfilm, avslører Saure. Han har jobba på museet sidan 1999 og har følgt shabtiane sine rørsler heile vegen.
At det skal ha skjedd ei rekke uforklarlege ting ved Bergen Museum gjer det berre meir spennande å gå på jobb, meiner Saure.
Ting har forsvunne på mystisk vis og på tidspunkt der det skulle vere tomt på museet hevdar folk å ha sett ein munk i kirkesamlingane. Det mest berømte spøkelset er imidlertid ein gammal konservator som døydde på 1930-tallet. Men det er gammalt nytt.
– Han er det mange som har sett opp gjennom åra, og det er ikkje så lenge sidan sist, heller, fortel den opne skeptikaren Saure. Som håper ingen klarer å løyse mysteriet med dei urolege shabtiane.
– Då blir det mykje kjedelegare å jobbe her!