Kalde lesesalar i jula

Skal du opphalde deg på Dragefjellet skole, Ulrike Pihls hus, Sydneshaugen skole eller i Allégaten 66 i juleferien bør du førebu deg på å sitte med ytterjakka på. Frå vesle julaftan kl. 15.00 vert temperaturen i desse bygga seinka til ti grader. Dragefjellet skole vil vere stengt i heile perioden.

Energisparinga skuldast høge energiprisar og delvis utkopla varmepumpe, ifølge Eigedomsavdelinga ved UiB.

Lesesalar i andre bygg vil ha normal romtemperatur i juleferien, og studentar som vil jobbe kan nytte seg av desse. ”Hangaren” i Realfagbygget vert framheva som eit alternativ med mange lesesalsplassar. Dei som ikkje har tilgang på adgangskortet kan kontakte kortsenteret for å få førebels tilgang til alternative bygg og lesesalar.

Frå 3. januar kl. 08.00 vil romtemperaturen vere tilbake til det normale i alle lesesalane.

Powered by Labrador CMS