Kallar unge forskarar til handling

Publisert

– Eg vonar de kjem til å reise heim att med kjensla av å dele ein felles, global visjon – og kanskje med eit ønske om å vere sosiale entreprenørar, sa viserektor for utdanning, Kuvvet Atakan, då han opna årets Bergen Summer Research School.

Tysdag morgon gjekk startskotet for den fjerde internasjonale sommarskulen i Bergen. Primus motor Kjersti Fløttum understreka at dei vel 70 deltakarane, med sine ulike bakgrunnar, sjølve representerer årets tema, som er normer, verdiar, språk og kultur

Varaordførar Trude Drevland helsa deltakarane på vegner av kommunen.

– Bergen er vel førebudd til å ta imot dykk! Vi har vaska byen i vekevis, og no håpar vi på sol både innandørs og utandørs, forsikra Drevland, som la til at kommunen er stolt over sommarskulen og glad for at det no er klart at han skal vidareførast.

Ba om akademisk nytenking
Professor Asuncion St. Clair heldt opningsforelesinga, som handla om akademia si rolle i løysinga av dei globale utfordringane som sommarskulen tek opp. Ho meiner at ein må vere opne for å endre akademiske tradisjonar i møte med utfordringar som krev praktisk handling.

– Korleis framstiller vi forskarar fagområda våre? Er helse eit tema for medisinsk forsking, eller handlar det om stigmatisering og urettvise? Er fattigdom først og fremst mangel på økonomisk vekst, eller er det brot på menneskerettane? Sjå på klimaforsking: Vi lærer stadig meir om mekanismane i klimaendringane, og klimamodellane blir stadig meir avanserte. Men kva verknader dei får for folk, kan ein ikkje forstå ved hjelp av modellar. I staden for å sjå på klimaendringar som eit forskingsfelt, må vi sjå på dei som hendingar som vi må respondere på. Sjølvsagt skal vi også forske på dei. Men akademiske disiplinar må plassere seg på nytt midt i verda, der dei høyrer heime, sa ho.

Ho meinte at det akademia treng, ikkje nødvendigvis er meir tverrfagleg forsking, men kanskje heller ei evne til å opne seg i nye retningar.

– Kvar fagdisiplin har ei historie og ei retning, og dei reproduserer seg sjølve. Vi må vere opne for at den retninga kanskje må endrast.

Store forventingar
Over dei fire åra sommarskulen har gått, har arrangørane freista å operasjonalisere programmet slik at det faglege ansvaret blir nokolunde likt fordelt mellom institusjonane. I år er det juridisk og humanistisk fakultet som dreg størstedelen av lasset. Deltakarane har kunna velje mellom fem ulike doktorgradskurs, mellom anna ”Norms and Language” og ”Fundamentals of Law in Globalisation”.

Habba Haddad tek ein phd i psykologi ved universitetet i Exeter, og har store forventingar til sommarskulen.

– Eg reknar med å få mykje informasjon, delta i interessante diskusjonar og knyte mange nye kontaktar. Eg har sett at fleire av dei andre deltakarane jobbar med ting som er relevante for mi eiga forsking, og eg gler meg til å høyre om deira arbeid, og til å fortelje om mitt eige og få tilbakemeldingar på det, seier ho.

Haddad forskar på kommunikasjon i klimaforsking, og deltek på doktorgradskurset ”Climate Change Narratives”.

– Eg samanliknar språket klimaforskarane bruker, med språket som blir nytta av kommunikasjonsarbeidarar som snakkar om klima. Klimapanelet til FN kommuniserer til dømes veldig formelt og distansert og nyttar aldri ordet ”vi”. Kommunikasjonsfolk brukar eit meir inkluderande språk. Vi har gjort eksperiment som viser at eit publikum som er oppteke av uvissa i klimaforskinga og som ikkje heilt veit kva dei skal tru, blir meir engasjerte og innstilte på handling dersom dei blir informert om temaet med eit inkluderande språk.

Ho kom til Bergen måndag, og kvelden resulterte i fleire hundre foto av byen.

– Bergen er utan tvil den mest fotogene byen eg nokon gong har vore i. Det må du gjerne skrive! smiler ho.

Samtalane kom fort i gang under opninga av årets BSRS. Summinga av stemmar prega Dragefjellet.

Powered by Labrador CMS