Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
- Opp gjennom 1900-talet har det vore sett i verk mange drastiske tiltak i kampen mot kjønnssjukdomar, fortel prof.emerita Ida Blom som held føredrag om emnet 8. februar. Føredraget er ein del av markeringa av 400 års jubileet for det offentlege helsevesenet i Noreg.
Tittelen på føredraget til Blom er “Fem minutter med Venus, et liv med Merkur - Bekjempelse av kjønsssykdom på 1900-tallet”. Merkur, som vert brukt som nemning for kvikksølv, viser til den langvarige behandlinga, mellom anna med kvikksølvpreparat, som mange syfilisråka pasientar vart utsette for. Dette gav mange og alvorlege biverknader. - Det er eit gjennomgåande trekk gjennom heile hundreåret at ein legg skulda på prostituerte, seier Blom. Heile tida er det også eit dilemma mellom på den eine sida å gje rett og god behandling til dei som er sjuke, og på den andre sida hindra at fleire vert smitta. Kampen mot smitten har i mange høve ført til at ein har gripe inn med svært drastiske tiltak mot dei som er sjuke. Alle føredraga vert haldne på Bryggens Museum ti laurdagar frå kl 12-14 gjennom jubileumsåret. Kvar gong vert det også eit kunstneriske innslag og høve til samtale etter føredraga.
Blom har særleg studert perioden 1940-1960 og har mellom anna sett på den kraftige auken i kjønnssjukdomar under og like etter krigen - og nedgangen som kan sjåast frå 1947. Den skuldast både at penicillin vart teken i bruk som medisin og den nye lova frå 1947 som mellom anna gjorde behandlinga av kjønnssjukdomar gratis.
Prostituerte fekk skulda
Blom fortel at dei såkalle tyskartøsene fekk skulda for at så mange vart smitta av kjønnssjukdomar under og like etter krigen. Mange vart arresterte og haldne i leirar på grunn av smittefaren.
Ida Blom kjem også inn på korleis ulike land i Europa har nytta heilt ulike strategiar i kampen mot kjønnssjukdomar. Forutan hennar historiske vinkling vert det to innlegg om hiv/aids på arrangementet 8. februar ved professor Gro Lie og Grete Riise.
Ti føredrag
Første føredrag er alt 25. januar. Då er temaet tuberkulose og andre infeksjonssjukdomar. Professor Claus Ola Solberg ved Institutt for indremedisin tek føre seg infeksjonssjukdomar i eit historisk perspektiv, medan overlege Odd Mørkve ved Senter for internasjonal helse snakkar om situasjonen internasjonalt.
Sjå fullstendig program nedanfor.