Kan bli europeisk sinke i grunnforsking

Publisert

Noreg kan bli ei sinke innanfor den europeiske grunnforskinga om vi ikkje markerer våre interesser innanfor det planlagde European Research Council (ERC) .

Det meiner Astrid Bårdgard, seniorrådgjevar ved Forskingsavdelinga, UiB. Utforminga av ERC vil finne stad i løpet av våren 2005, som ein del av det sjuande rammeprogrammet. Bårdgard har nyleg teke kontakt med kolleger ved dei øvrige norske universiteta og forskarar der ho oppmodar til mobilisering for å prøve å påverke utforminga av det planlagte Europeiske Forskingsrådet (ERC).

EU vil ta eit krafttak for grunnforsking og har derfor gått inn for å skipe eit eige forskingsråd for denne forskinga. Dette kjem i tillegg til dei andre nøkkelområda som er planlagt innanfor det sjuande rammeprogrammet som er i støypeskjeia. Kommisjonen sitt forslag til faglege og økonomiske rammer for det sjuande rammeprogrammet vil bli lagt fram i april. Dei kan bli dobla i forhold til det sjette rammeprogrammet, men kor mykje som vert avsett til ERC er uvisst.

Kommisjonen går no inn for at det skal være konkurranse mellom enkeltgrupper i Europa om desse ERC-midlane, der forskningskvalitet skal vere einaste kriterium. Om dette blir vedteke, fryktar Bårdgard at mesteparten av midlane i eit ERC vil gå til nokre få framstående miljø i sentral-Europa og Storbritannia – og Noreg kan tilliks med mindre medlemsland vil bli sett ut over sidelinja fordi vi ikkje kan konkurrere på kvalitet og storleik.

Pengane vil gå til enkeltgrupper

– På grunn av lang tids underfinansiering er vi til dømes relativt svakare på fundamental naturvitskapelig forsking i Norge enn i mange andre europeiske land. For at vi skal ha sjanse til å hevde oss må det leggast vekt på transnasjonale nettverk i statuttane til det nye europeiske forskingsrådet. Om vi ikkje får til det, er det svært sannsynleg at pengane vi bidreg med i eit ERC vil gå til finansiering av enkeltgrupper ved til dømes Max Planck i Tyskland, CNRS og Cambridge/Oxford.

Dette vil ikkje medverke til å støtte opp under det europeiske forskingsområdet, som blir sterkt vektlagd av EU og som Norge støttar opp under„seier Bårdgard.

Ho er kritisk til måten EU har signalisert at dei vil prioritere – og meiner det er heilt naudsynt at alle engasjerer seg i å påverke no før rådet blir etablert.

Ho seier vidare at det positive med ERC mellom anna er at byråkratiet skal begrensast og at det ikkje skal leggjast restriksjonar på kva det skal forskast på.


Europa mobiliserer for grunnforsking

Når det gjeld UiB, må vi i følgje Bårdgard heve forskingskvaliteten på dei områda der vi ønskjer å satser. I dag er vi dessverre for svake til å konkurrere med dei beste i Europa på dei aller fleste område, meiner Bårdgard.

– Rekruttering er eit veldig viktig verkemiddel. Vi må også være mykje meir offensive når det gjeld kven vi skal gå ut og samarbeide med og kva forskarar vi skal prøve å få hit, seier Bårdgard.

I Europa er det brei konsensus om at grunnforsking har vore neglisjert – og mange har peika på at satsinga på grunnforsking i USA har vore sterkt medverkande til at dei er sterke på innovasjon og nytenking. I eit brev til Science i august 2004 skreiv direktørane for 52 europeiske vitskapsorganisasjonar under på eit opprop for etableringa av ERC. Nyvalt kommisær for vitskap og forsking i EU, Janez Potocnik, sa i si tiltredingstale at ”om vi ikkje støttar grunnforsking vil vi ein dag vere på heilt ville vegar”

Astrid Bårdgard er samd med Stein Kuhnle i kritikken han har fremja i På Høyden om at norsk forskingspolitikk vektlegg fri grunnforsking for lite. Ho meiner den svake satsinga på realfaga og utstyr og drift i de eksperimentelle faga gjev grunn til sterk uro.

– Noreg har i altfor lang tid undervurdert kor viktig det er å satse på fri grunnforsking for å kunne å få til kunnskapsbasert innovasjon i næringslivet på lang sikt.
Midlane vert løyvd med altfor snevre og brukarstyrte prioteringar. Utan større løyvingar på dette området vil det på lengre sikt vere nesten umogleg å hevde seg på kvalitet internasjonalt.

– I EU har forskingsfinansieringa også i stor grad lenge vore retta mot anvendt og marknadsnær forsking, men no ser dei at dette vert for einsidig og kortsiktig for å kunne hevde seg i konkurransen med USA og Japan. Etter press frå forskingsorganisasjonar tek EU-kommisjonen no grunnforsking meir på alvor enn det Noreg gjer.


Korleis få dei beste spelarane?

Ho stadfestar at forskingverda vil sjå meir og meir ut som ein fotball-liga, der ein kjempar om dei beste spelarane og dei med mest pengar vinn. Trass i at det for augneblinken ikkje er stort anna enn skyer for grunnforskinga ser Astrid Bårdgard litt blå himmel innimellom.

– Noreg gjer det faktisk godt innanfor det sjette rammeprogrammet, særleg gjeld dette instituttsektoren som har ei meir marknadsnær forsking, men også universiteta gjer det bra. Det er også mykje uutnytta potensiale innanfor programmet, særskilt gjeld dette for det medisinske og molekylærbiologiske fagmiljøet som bør engasjere seg, oppmodar seniorrådgjevaren.

Spesielt framhevar ho at det er viktig å være med å påverke prioriteringane som vert lagde. Ein kan ikkje lengre sitje å vente på ei utlysing. Ein må delta aktivt gjennom sine fagnettverk for å legge til rette for deltaking opptil fleire år på førehand.

Powered by Labrador CMS