Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Verda har nyleg sett døme på kor farlege konsekvensar jordskjelv kan få i område der ein ikkje har skadeavgrensande tiltak eller varslingssystem. Institutt for geovitskap er ansvarleg for ein workshop på Balkan som set fokus på nettopp dette.
– Landa på Balkan er spesielt utsette for jordskjelv, men diverre har det vore for mykje slåsting, og for lite samarbeid om jordskjelvproblematikken i dette området, seier professor Eystein S. Husebye ved Institutt for geovitskap. – På workshopen har vi lagt opp til samarbeid om problemløysing mellom deltakarane, og vi vonar at det kan vere kontaktskapande og hjelpe dei med å etablere sjølvstendige nettverk i området. I tillegg skal alle hovudforelesingane publiserast i ei bok etterpå, fortel han.
Han er initiativtakar til ein Advanced Research Workshop som skal gå av stabelen i Bulgaria i september, under paraplyen til NATO sitt ”security through science”-program.
Balkan og tilgrensande austeuropeiske land har lenge ønskt ei større rolle i analysane av jordskjelvaktiviteten i området, og ikkje minst i å gjennomføre førebyggjande tiltak som kan minke konsekvensane av jordskjelv. Ein viktig faktor her er samarbeid landa imellom, ifølgje Husebye.
Kontakt skal byggje nettverk
Workshopen skal fokusere på platerørsler i Egeerhavet og på Balkan, jordskjelvaktiviteten i regionen, tsunamiar, førebyggjande tiltak og felles regional jordskjelvvarsling – alle viktige tema som verda er blitt minna om på ein smertefull måte med flodbølgja i Søraust-Asia. Temaet fekk god gjenklang hjå NATO sitt program for ”Security Through Science”, som skal medverke til tryggleik og stabilitet ved å ta i bruk ny forsking til å løyse praktiske problem. Programmet gjev støtte til internasjonalt samarbeid mellom forskarar frå medlemsland, og ein slik workshop er ei av arbeidsformene ein kan søke støtte til. Føresetnaden er at workshopen ikkje har meir enn 50 deltakarar, slik at deltakarane skal få god kontakt seg imellom.
– Men det har vore stor interesse for å delta, vi har fått påmeldingar frå land som Usbekistan og Kasakhstan i tillegg til landa kring Egeerhavet og på Balkan. Difor kjem vi til å søke om å få utvide deltakartalet noko, seier Husebye.