Hieu Thi Tran driv kantina ved Institutt for fysikk og teknologi. Her serverer ho baguettar og asiatisk varmmat. Foto: Ida Bergstrøm

I denne UiB-kantina får du berre asiatisk mat

Gløym risgraut, salat og taco. Hos Hieu Thi Tran på Institutt for fysikk og teknologi får du berre varmmat frå Vietnam.

– Alle her veit at eg ikkje kan lage god, norsk mat, seier Hieu Thi Tran og ler.

Lukta av østerssaus og karri heng i det julepynta lokalet i tredje etasje i Bjørn Trumpys hus.

Sidan 2001 har Hieu Thi Tran drive kantina for studentar og tilsette ved Institutt for fysikk og teknologi (Ift).

Kylling og ris er favoritten
Ho kjem på jobb klokka åtte kvar dag. Så går ho i gang med å lage mat til studentar og tilsette.

– Retten alle likar best er nok karrikylling i ris. Det er det folk et mest av. Oksesuppe går det også mykje av. Og vårrullar, fortel ho.

Kantina er ikkje tilknytta SiB, og sjølv om den er primært for dei som høyrer til på instituttet, er tilsette og studentar frå andre delar av UiB også velkomne.

– Eg likar å lage mat, seier ho.

Hieu Thi Tran kom til Norge frå Vietnam tidleg på 90-talet. Kva sommar besøker ho heimlandet saman med dottera.

Etter at arbeidsdagen i kantina er over, går Hieu Thi Tran til neste jobb, der ho vaskar kontor.

Nyttårsfeiring viktigare enn julefeiring
I Vietnam er jula ei feiring for dei unge. Nokre et middag ute på restaurant, andre lagar mat heime. Sjølv om ho har budd i Norge i over tjue år, held ho fast ved vietnamesiske juletradisjonar.

– Det er gjerne noko med svinekjøt eller kylling. Dei som er katolikkar feier ofte jul. Men dei fleste feirer heller vietnamesisk nyttår. I år er det nyttår i januar. Mange tar då fri i fleire dagar, og feirer saman med familie og vener. Vi gir kvarandre pengar i gåver, og ønsker kvarandre godt nyttår, seier ho.

Meir vietnamesisk varmmat etter jul
Mange studentar reiser tidleg heim til jul. Difor lagar ho kun baguettar på tampen av året. Gjerne med rikelege mengder kylling og karri.

Hieu Thi Tran handlar inn råvarer til kantina sjølv. Ho er også aleine om matlaging og rydding av kantina.

Etter jul vil ho starte med varmmat igjen.

– Av og til tenker eg at eg burde slutte, at eg tener for lite. Men det er kjedeleg å berre gå heime. Eg likar godt å vere her.

Powered by Labrador CMS