Karrieredag mot hjerneflukt

Publisert

Torsdag 20. mars arrangerte Karrieresenteret for andre gong ein eigen karrieredag der studentar og næringsliv kunne møtast og finne ut kva dei har å tilby kvarandre. Eit tredvetals bedrifter hadde stands i vestibylen på Jussbygget, og på seminarprogrammet sto både nudelkongen Mr. Lee og popgruppa Ephemera, mellom mykje anna.

Ein jamn straum av studentar var innom på Karrieredagen, trass i vakkert vårvêr og antikrigsdemonstrasjonar. I forkant av dagen presenterte BT resultat frå kandidatundersøkinga ved UiB og Hib, som er utført ved Rokkansenteret på oppdrag frå Karrieresenteret. Undersøkinga syner at fleirtalet av kandidatane frå UiB og HiB får sin første jobb i Hordaland, og at hjerneflukta mot Osloregionen dermed ikkje er så dramatisk som mange har meint. Karrieredagen er eit tiltak som skal stimulere jobbmarknaden for nyutdanna universitetskandidatar ytterlegare.

Debatt om trainee-program

I tillegg til stands, inneheldt dagen fleire seminar der ein kunne høyre alt frå nudelgründar Mr. Lee, til bergensjentene i Ephemera, til eit jobbintervju for open scene.

Klokka tolv inviterte arrangøren til debatt om trainee-program - kven har det beste programmet? Ordstyrar var politisk redaktør i Bergens Tidende, Trine Eilertsen, som sjølv har røynsle som trainee i Statoil. Panelet kom frå DNB, Vesta, Gjensidige Nor Forsikring og Statoil. Debatten var ikkje overveldande godt besøkt, men fleire interesserte kom til etter kvart.

Eit stort fleirtal av dei frammøtte kunne sjølv tenke seg å bli trainee, og Eilertsen innleia med å spørre panelet kva dei var ute etter når dei skulle tilsette ein ny trainee.

– Draumekandidaten er ein ambisiøs person med store sosiale antenner, meinte Georg Richvolden, som sjølv er trainee i Gjensidige Nor Forsikring. Han gav uttrykk for at spisse albogar ikkje nødvendigvis fører fram.

– I tillegg er det viktig med personleg integritet. Det kan vi ofte undersøke gjennom å sjå på kva folk har gjort tidlegare. Hos oss har vi til dømes folk som har vore omsorgspersonar for narkomane eller eldre - det seier noko om kva verdiar dei har, og at dei engasjerer seg i desse verdiane, sa Lasse Espelid, trainee-koordinator i DNB.


Liten sjølvtillit hos UiB-kandidatar

Mange som vurderer å søke på ei stilling som trainee, er usikre på kva bedrifta eigentleg vil ha, og om dei fyller krava. Randi E. Hansen frå Vesta meinte at Handelshøgskulen er flinkare enn Universitetet til å byggje opp sjølvtillit hos kandidatane sine. Ho peika på at universitetskandidatar gjerne er usikre på kva dei kan bidra med i bedrifta.

– Det er ein overgang frå «eg har lært» til «eg kan» som er viktig å få fram, presiserte Richvolden.

Alle bedriftene i panelet la vekt på at dei ikkje ser etter spesielle typar når dei søker etter ein trainee.

– Vi treng folk som er kritiske til vedtekne sanningar i bedriftar, som ser noko anne enn vi ser, og vågar å spørje «kvifor gjer de ting på denne måten?» sa Hansen.

Frå salen kom eit spørsmål om ikkje bedriftene var redde for å straumlinjeforme traineekandidatane sine, ved å køyre dei igjennom ein lang sosialiseringsprosess innanfor sin eigen bedriftskultur. Alle i panelet var merksame på denne problemstillinga.

– Men vi oppmodar våre traineear om å ta med sine friske synspunkt inn i organisasjonen. Vi har til dømes brukt dei som ressursgruppe innanfor ulike tema. Også bedriftsleiinga har brukt traineeane til å få nye innspel, sa Espelid, som la til:

– Når nye kandidatar lurer på kva dei eigentleg kan gjere, seier vi gjerne at svaret er ja. Unge i dag er i stand å kjemperaskt hente inn og bearbeide informasjon. Det er utruleg kor fort dei blir produktive, sjølv om dei føler at dei ikkje kan så mykje om verksemda i utgangspunktet.


God oppfølgjing viktig

Panelet fekk avslutte med å fortelje kvifor nett deira traineeprogram er det beste. God og personleg oppfølgjing var eit trekk som gjekk att.

– Vi legg stor vekt på rettleiarrolla, og har fått gode tilbakemeldingar. Folk kjem kanskje frå universitetet der ingen spør om du er til stades eller ikkje før eksamen kjem. Hos oss blir dei lagt merke til, sa Anne Bjerkelund Selvig frå Statoil.

Det er ikkje godt å seie kor mange bedrifter som kapra ein ny arbeidstakar på Karrieredagen. Men ei handsopprekking etter debatten synte at interessa for å bli trainee i alle fall ikkje var blitt mindre.

Powered by Labrador CMS