Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm held fast ved at UiB skal nytte kvalifikasjonsprinsippet i tilsetting i vitskaplege stillingar. Arkivfoto: Hilde Kristin Strand

– Vi tilset ikkje folk vi ikkje har behov for

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm trur ikkje einingar ved UiB opererer med skreddarsydde utlysingar av stillingar.

Når UiB skal rekruttere kandidatar internasjonalt, kjem gjerne spørsmålet frå den nytilsette: Kan de også skaffe ein UiB-jobb til ektefellen min?

Det kan ein sjeldan gjere - dersom ein også skal følgje lovverket.

Rektor Dag Rune Olsen deler bekymringa, men seier lova må følgjast
I eit intervju med På Høyden seier forskarane Kikki Kleiven og Petter Bjørstad at UiB som en konsekvens av dette risikerer å tape konkurrasen om dei gode kandidatane.

Også rektor Dag Rune Olsen deler bekymringa over at gode kandidatar kan takke nei, fordi ein ikkje kan tilby ei stilling til partnarar.

Kjelder På Høyden har snakka med, fortel at éin måte å omgå regelverket på, er å lyse ut såkalte retta stillingsutlysingar.

Dette er utlysingar som er skrive slik at dei best mogleg skal matche ein gitt kandidat sine kvalifikasjonar, slik at vedkomande skal framstå som den best eigna til stillinga.

Vi skal følgje norsk lov
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kan tøyle begeistra for retta stillingsutlysingar.

– Slik kan ein ikkje gjere det, vi skal følgje norsk lov. Hovudregelen er at vi skal lyse ut stillingar og tilsette etter kvalifikasjonsprinsippet, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm til På Høyden.

– Avviser du at det skjer ved UiB?
– Det blir berre spekulasjonar. Kvart år har vi fleire hundre utlysingar av stillingar ved UiB. Det er fakulteta som styrer tilsetjingane. For mange av fakulteta er økonomien av ein slik karakter at ein må gjere prioriteringar i rekrutteringane sine. Eg har vanskar for å tru at ein kan tilsetje folk som ein ikkje har eit reelt behov for.

– Sett at de får en søkjar til ei utlyst vitskapeleg stilling, og de vet at partneren også er svært dyktig. Kva kan UiB då gjere?
– Det har vore eksempel på at vi tek inn forskargrupper, som har til dømes ERC-grants. Men det må gjerast innanfor ryddige former.

Vil tilby norskopplæring
– Kva grep er det rimeleg å vente at UiB skal ta for å hjelpe nytilsette sine partnarar med å finne jobb?
– Vi jobbar med å få plass mottakssenteret på Studentsenteret. Dette er eit ledd i ei strategisk satsing på å gjer det lettare både for innreisande og utreisande tilsette, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Han seier manglande norsk-kunnskapar kan vere ei utfordring.

– Dei fleste som kjem hit frå utlandet snakkar ikkje norsk. Vi har sett av betydelege ressursar for å leggje til rette for norskundervisning, seier Kjell Bernstrøm.

Dette seier Tenestemannslova og UiB sitt tilsettingsreglement:

  • Hovudregelen er at ledige stillingar skal lysast ut.
  • Utlysingstekst og stillingsskildring skal vere i samsvar med forskings-og rekrutteringsstrategien til den enkelte eininga.
  • Den best kvalifiserte skal tilsetjast.
  • For stillingar som krev vitskapleg kompetanse skal innstilling skje ut frå sakkunnig vurdering etter krava som står i utlysingsteksten.
  • Universitetsstyret kan, når særskilde grunnar talar for det, tilsette kvalifiserte personar utan utlysing. Dette kan gjerast i vitskaplege stillingar, samt som leiar for avdeling og grunneining.
  • Universitetsdirektøren eller andre som har fått fullmakt frå universitetsdirektøren, kan avgjere at stillingar som konsulent (alle nivå) , ingeniør (alle nivå), teknikar (alle nivå) og tannlege (begge nivå) kun vert lyst ut internt, eller ikkje kunngjort i det heile.
Powered by Labrador CMS