Jørgen Melve (NTL), Randi Heimvik (Parat) og Steinar Vagstad (Forskarforbundet) har eit felles standpunkt: Stillingar skal lysast ut, kvalifikasjonsprinsippet skal gjelde. Foto. Hilde Kristin Strand, Ingvild Festervoll Melien og privat.

– Vi veit at det skjer, og vi likar det ikkje

Tillitsvalte kjenner til saker der UiB har omgått lovverket for å skaffe jobb til ein partnar.

UiB ønskjer ofte å rekruttere gode kandidatar frå utlandet. Ofte ønskjer dei nytilsette at ein også skal skaffe til veie ei stilling ved UiB til den nytilsette sin partnar.

Dei institusjonane som og klarar å handtere tilsetjingar av dei rekrutterte sine partnarar, vil ha eit fortrinn, seier Petter Bjørstad, leiar ved Institutt for informatikk til På Høyden.

På Muséplass er ein klar over problemstillinga. Rektor Dag Rune Olsen seier til På Høyden at det er lite ein kan gjere innanfor dagens regelverk.

I arbeidstakarorganisasjonane er ein kjent med at lova av og til vert omgått, mellom anna gjennom retta utlysingar, som er skrivne for å passe best mogleg til ein gitt kandidat sine kvalifikasjonar.

Slik vil vedkomande framstå som den best eigna til stillinga.  

– Vi veit at det skjer, og vi likar det ikkje, seier Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt for Forskarforbundet ved UiB.

– Vi ivrar først og fremst for at stillingar skal verte utlyste i open konkurranse. Av og til dukkar det opp tunge grunnar til at ein likevel må vike frå dette prinsippet, seier Steinar Vagstad.

Ikkje stuereint
Steinar Vagstad seier at såkalla spesialiserte utlysingar ikkje vert rekna som heilt stuereint i akademia, ettersom det bryt med prinsippet om at den best kvalifiserte skal ha stillinga.

– Samtidig er det brei semje om at ein ønskjer mobilitet, seier Steinar Vagstad.

– Kva grep er det eigentleg rimeleg at UiB skal ta for å hjelpe nytilsette sine partnarar med å finne jobb?  

– Ein kan informere. Det er heller ingenting i vegen for at UiB kan time ei utlysing, dersom ein uansett skal lyse ut ei stilling innanfor vedkomande sitt felt, seier Steinar Vagstad

Han seier at ein i utlandet ofte løyser partnarproblematikken med å gje høg løn til ein vitskapeleg tilsett ein gjerne vil ha.

– Då treng kanskje ikkje partnar å jobbe i det heile tatt, seier Steinar Vagstad.

NTL: Ikkje UiB si oppgåve å skaffe jobb til partnarar
Også Jørgen Melve, hovudtillitsvald i NTL, kjenner til at UiB har gjort tilsettingar som har vore på sida av regelverket.

– Generelt kan ein seie at det ikkje er UiB si oppgåve å skaffe jobb til eventuelle partnarar. Samtidig er det positivt at UiB forsøker å ivareta familiane til dei som vert rekrutterte. Det er ein fin ting, seier Jørgen Melve.

Han seier at ordinære reglar for tilsetjing likevel skal gjelde. Blant dei er kvalifikasjonsprinsippet, som seier at den av søkarane som verkar best kvalifisert på bakgrunn av utdanning og andre formelle kvalifikasjonar, arbeidserfaring og samtidig er eigna for stillinga, skal bli tilsett.

Kvalifikasjonsprinsippet er «ikkje nedfelt i lov, men er slått fast i rettspraksis, forvaltingspraksis og juridisk teori», skriv Forskarforbundet.

Ein kan berre fråvike prinsippet dersom ein har grunnlag for dette i lova.

– Kjenner du til saker der UiB har strukke seg lenger enn det lova opnar for i arbeidet med å finne UiB-jobb til ein partnar? 

– Ja. Det gjer eg, seier Jørgen Melve.

Han legg til at det er vanskeleg å vere heilt kategorisk når det gjeld tilsetjing av partnarar. Det kan vere vanskeleg å etterprøve om ei utlysing er innretta mot ein bestemt person, eller om vedkomande faktisk er den ideelle søkjaren til stillinga, meiner NTL-leiaren.

Parat: Opne utlysingar av alle stillingar
Randi Heimvik er hovudtillitsvalt i Parat. Ho er heller ikkje begeistra for retta utlysingar.

– Det vil eg seie er å kaste blår i augene på andre søkjarar. Vi meiner at alle stillingar skal lysast ut uansett. Det er i tråd med lov og avtaleverk i Norge, seier Randi Heimvik, hovudtillitsvald i Parat.

– Når ein lyser ut ei stilling har alle moglegheit til å søkje. Og vi skal ha eit tilsettingsråd som behandlar alle søknader nøytralt. Dei har ei viktig rolle, seier Randi Heimvik.

– Kjenner du til saker der UiB har strukke seg langt og lenger enn langt for å finne ei stilling til ein partnar? 

– Nei, ikkje som eg kjenner til. Ein høyrer historier, men eg har ikkje sett  bevis for at det har skjedd.  

Dette seier Tenestemannslova og UiB sitt tilsettingsreglement:

  • Hovudregelen er at ledige stillingar skal lysast ut.
  • Utlysingstekst og stillingsskildring skal vere i samsvar med forskings-og rekrutteringsstrategien til den enkelte eininga.
  • Den best kvalifiserte skal tilsetjast.
  • For stillingar som krev vitskapleg kompetanse skal innstilling skje ut frå sakkunnig vurdering etter krava som står i utlysingsteksten.
  • Universitetsstyret kan, når særskilde grunnar talar for det, tilsette kvalifiserte personar utan utlysing. Dette kan gjerast i vitskaplege stillingar, samt som leiar for avdeling og grunneining.
  • Universitetsdirektøren eller andre som har fått fullmakt frå universitetsdirektøren, kan avgjere at stillingar som konsulent (alle nivå) , ingeniør (alle nivå), teknikar (alle nivå) og tannlege (begge nivå) kun vert lyst ut internt, eller ikkje kunngjort i det heile.
Powered by Labrador CMS