Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det er samanheng mellom dårleg inneklima og helseplager, men biletet er komplisert. Eit prosjekt i regi av Institutt for samfunnsmedisin leiter etter svar i eit inneklima nær deg.
– Det bør ikkje vere meir enn tre grader skilnad i temperaturen frå føtene til hovudet. Då vil det kjennest ubehageleg – i alle fall i følgje den offisielle norma, seier Sindre Dahle. Dahle og Algerøy er begge studentar på maskiningeniørstudiet ved Høgskulen i Bergen. I hovudprosjektet sitt arbeider dei med å samle inn og analysere opplysingar om inneklima i fire ulike UiB-bygg. Arbeidet er ein del av inneklimaprosjektet INKA, som blir styrt av Institutt for arbeidsmedisin ved UiB. Inneklimadata vart samla inn i same periode i fjor. No skal Dahle og Algerøy gjere dei same undersøkingane på nytt, og samanlikne resultata med fjoråret. – Dette er ein trekkmålar, opplyser Dahle. Mange av UiB sine kontorbygg er gamle villabygningar som er modernisert for nye føremål. Det er ei utfordring å modernisere gamle bygg slik at dei møter dagens krav til inneklima. INKA-prosjektet, som hovudoppgåva til dei to studentane er eit delprosjekt under, skal auke kunnskapen mellom inneklima og helse. Det blir også teke støvprøver og mikrobielle prøver, og gjort undersøkingar av dei tilsette som arbeider i bygningane. UiB-bygningane Sydnesplass 12/13 og Øisteinsgate 1 er brukt som åstad for undersøkingane fordi dei tilsette tidlegare har rapportert plager som er sett i samanheng med fukt og inneklima. I tillegg er det gjort prøver i to kontrollbygningar, Øisteinsgate 3 og Christiesgate 15-19, der det ikkje har vore rapportert om slike plager. Prosjektet er støtta av Forskingsrådet og skal avsluttast neste år. – Etter undersøkingane i fjor fann vi svært få skilnader mellom dei tilsette i problembygningane og kontrollbygningane, og vi fann heller ingen store skilnader i miljøtilhøve i bygningane. Difor arbeider vi no med å utvide undersøkinga ved å få inn fleire kontrollgrupper, seier overlege Jan Vilhelm Bakke ved Institutt for allmennmedisin, som er stipendiat på prosjektet.
Vi er på eit professorkontor i Øysteinsgate 3. I eit hjørne står ei lang stong planta i ein juletrefot. Stonga er utstyrt med forskjellig små boksar som måler CO2-innhald, relativ luftfukt, og altså temperatur i tre forskjellige høgder.
– I tillegg måler vi hyllemeter med bøker, vindaugsareal, avstand frå vindauget til personen som sit og jobbar – ja, vi måler eigentleg alt. Vi får ein masse tal som vi må sjå nøyare på seinare, seier Jon Harald Algerøy.
HiB-studentar samlar data
– Det er sett i verk nokre tiltak som går på ventilasjonen, og vi skal sjå om dei har hatt effekt. Samstundes undersøker vi om dei ulike verdiane vi måler, ligg innanfor gjeldande lovar og reglar, forklarer dei.
Dei er godt og vel halvveges i måleperioden på fire veker. Perioden er nøye valt ut for å styre klar av både influensa- og pollensesong. Då er folk sjuke likevel, og det er uråd å seie om det skuldast allergi eller inneklima.
Måler trekk og bakgrunnsstøy
– Trekk har mykje å seie for korleis ein opplever temperaturen. Trekk det mykje frå ventilasjonsanlegget, vil det gjere at lufta blir opplevd som kaldare enn ho eigentleg er.
Fire dagar i veka, frå tidleg morgon til seint på kveld, snik dei to seg rundt i bygningane, flyttar på juletreføtene, måler trekk og bakgrunnsstøy og støv i lufta. Etter at det er blitt mørkt, kjem dei tilbake for å måle lyset i romma.
– Det blir vel om lag 40 kontor til saman. Det skal bli spennande å sjå om vi finn nokon samanheng mellom bokhyllemeter og støv, seier Algerøy.
Vanskeleg å modernisere
Dei medisinske testane inkluderer blodprøver som fortel om allergiske reaksjonar, måling av nitrogenoksid i utånda luft, måling av tårefilmstabilitet, og dessutan eit spørjeskjema om sjølvopplevde helseplager. Også her må ein vente på analysane før ein kan trekke konklusjonar.
Bergensproblem?
Han fortel at dei små skilnadene kan skuldast at det ein trudde var ”friske” bygg, i røynda også har vore problembygg, slik at ein i praksis ikkje har hatt nokon ekte kontrollgruppe.
I helseundersøkingane frå i fjor, synte det seg at dei tilsette i både ”problembygg” og ”friske bygg” var meir plaga med irritasjon i augo og øvre luftvegar, enn personar i ei tilsvarande undersøking frå Uppsala, og i liknande undersøkingar andre stader. Tyder det at bergensarar slit meir med slike problem enn andre folk? Er vestlandsklimaet så usunt at vi alle går rundt med kroniske irritasjonar i luftvegane?
– Vi har grunn til å tru at det heller er slik at problema folk har, er spesielle for alle dei bygningane vi har undersøkt, seier Bakke.
Framover våren vil resultata frå prøveperioden bli undersøkt i detalj.
– Dette er kompliserte problemstillingar der mange faktorar spelar inn, men eg er ikkje i tvil om at vi kjem til å reise interessante problemstillingar, avsluttar han.