Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kva rolle skal humaniora spele i ei tid der mennesket blir redusert til biologi og universiteta er blitt bedrifter som skal produsere samfunnsøkonomisk nyttig kunnskap? Tre UiB-stipendiatar har teke utfordringa i ei ny bok.
– Bakgrunnen er at humaniora er under press. Det i seg sjølv er ikkje noko nytt, men vi meiner at måten presset kjem til uttrykk på, er nytt, seier universitetslektor Finn I. Birkeland. Saman med stipendiatane Simen Andersen Øyen og Ingrid Birce Muftuoglu er han redaktør for antologien Humanioras fremtid, som kjem i handelen om eit par veker. Gjennom arbeidet prøver dei å rette merksemda mot eit syn på kunnskap som er i endring. Kunnskap blir meir og meir vurdert etter samfunnsnytte, og debatten om universiteta som danningsinstitusjonar greier ifølgje dei tre ikkje å motverke dette kunnskapssynet.. – Sjå berre på formuleringane til Danningsutvalet, kor tett humanistiske perspektiv blir knytt til næringslivet. Nytteomgrepet er noko vi har diskutert mykje. Kva er nytte, kva er samfunnsmessig relevans? Alle er samde om at forsking skal vere samfunnsmessig relevant, men kva vil det seie, undrar Birkeland. Artikkelen held fram under bilete. Allmenn appell – Tematikken spring ut av generelle samfunnstrekk like mykje som forskingspolitiske. Vi snakkar til dømes om det nye arbeidslivet, prega av individualisering og fleksibilitet og at kvar arbeidstakar har ansvar for seg sjølv. Vår eigen situasjon er representativ, med masseutdanning av phd-kandidatar til midlertidige stillingar, seier Øyen. – Det humanistiske perspektivet kan vere med på å forstå desse tendensane. Og ikkje minst, kva type forsking som blir generert i ein situasjon der alle jobbar under press og må vise til nytteverdi, meiner Muftuoglu.
Simen Øyen (t.v) Ingrid Birce Muftuoglu og Finn I. Birkeland har retta eit kritisk blikk mot bruken av humaniora i vår tid. (Foto: Kjerstin Gjengedal)
Det er viktig at humaniora blir flinkare til å definere desse omgrepa frå starten av, meiner dei. Dei fortolkande faga møter nemleg lett problem når dei skal legitimere seg sjølve utifrå samfunnsøkonomisk nytte. Men når mennesket og samtida skal forståast, kva rolle skal humaniora då spele? Kva er det som karakteriserer vår tid, og dei vitskapane som skal forstå og fortolke henne? Redaktørane meiner sjølve at boka slett ikkje legg opp til ein snever fagdebatt, men tvert imot har allmenn appell.
– Fleksibilitet er eit konkret krav, vi skal kunne hoppe frå det eine til det andre og heile tida snu oss dit det er midlar å hente. Men dersom pengane kjem frå til dømes eit departement eller frå næringslivet, kor fleksibel skal ein være i høve til oppdragsgjevaren sine ønske? På den eine sida finst det etablerte vitskaplege normer som vi meiner er viktige, men på den andre sida syner historia at slike normer kan bli sett til side i periodar med sterkt press utanfrå, seier Birkeland.
Sutrar ikkje
Dei tre har vore klare på at dei ikkje ville ha ei sutrebok om kor synd det er i humanistane, men snarare ei kritisk undersøking av tankane omkring humaniora i dag. Dei merker seg med interesse korleis språket i utlysingane av forskingsmidlar tilpassar seg new public management-ideologien, og meiner å sjå teikn til at humaniora lett blir eit teoretisk alibi, noko som skal fylle ut holromma mellom dei kvantifiserbare storleikane.
– Det har vore foreslått at humaniora skal konsentrere seg om vitskapsteoretiske diskusjonar og utfylle og koordinere andre forskarar, som eit slags humanistisk samvit, men vi er absolutt ikkje interesserte i å hamne der. Det finst reelle samfunnsmessige problemstillingar der ute som er viktige og som vi skal ta del i, hevdar Birkeland.
I tida
Debatten kring tv-programserien Hjernevask som gjekk i fjor, og den pågåande internasjonale debatten om framtida for humaniora, viser at boka treff tidsånda.
– Hjernevask-debatten, og andre liknande mediedebattar, viser at det finst måtar å snakke om forsking på som kan peike på nokre nypositivistiske tendensar i samfunnet. Dei seier noko om kva vi ønskjer å høyre og å leggje vekt på. Vi er ikkje ute etter å dyrke kløfta mellom humaniora og naturvitskap, men ein skal heller ikkje oversjå førestillingane om at dette skiljet finst. Dei kjem jo til syne i populærvitskaplege debattar, seier Muftuoglu.
– Og i slike debattar kjem også myndigheitene som løyver midlar til forsking inn. Samfunnet og forskingssystemet er jo basert på dette skiljet, og politikarane er avhengige av denne typen kommunikasjon for å kunne legitimere pengebruken overfor veljarane, hevdar Øyen.
Konsentrert antologi
Som redaktørar har dei lagt vekt på å unngå for stort sprik mellom tekstane, og dei meiner dei har fått til ein konsentrert antologi der tekstane i størst muleg grad tek opp spørsmåla frå prosjektskissa. Dei er svært nøgde med å ha fått med tekstar som viser kva rolle humaniora kan spele innan nye felt som miljø og bioteknologi.
– Vi er glade for at vi har fått nokre konkrete døme på pågåande forskingsprosjekt der humaniora interagerer i eit tverrfagleg miljø. Ein av bidragsytarane viser til dømes korleis ein kan jobbe med humanistiske perspektiv på naturkatastrofar, som så langt har vore dominert av samfunns- og naturvitskapane, seier Muftuoglu.
– Ein skal jo også vere klar over at sjølv om naturvitskapane kanskje har eit forklaringsfortrinn fordi dei har konkrete storleikar å forske på, så er fagfelta sjølve sosiale konstruksjonar, og kven har bakgrunnen som trengst for å snakke om det? Det er lett å gløyme at empirisk baserte vitskapar ikkje berre fortel den reine og uproblematiske sanninga. Det blir laga forteljingar der også, seier Birkeland.