Kvinnelege studentar er i fleirtal på fleire av studia der opptakskrava er høge. UiB og UiO har begge søkt om å kunne gi ekstrapoeng til mannlege søkjarar for å betra kjønnsbalansen, men har fått nei. Foto: Colorbox

Får ikkje gi poeng til psykologi-gutar

Publisert

UiB får ikkje innføra kjønnspoeng for å få opp talet på mannlege psykologistudentar.

Det er langt fleire kvinner enn menn som studerer psykologi ved UiB. Saman med UiO har UiB difor søkt om å kunne gi ekstrapoeng til mannlege studentar. Likestillinglova vart endra frå nyttår og opnar no for at ein gi ekstrapoeng til menn som søkjer kvinnedominerte studium.

No seier Kunnskapsdepartementet nei til både UiB og UiO. Bakgrunnen er at dei to universiteta har hatt meir enn tjue prosent mannlege søkjarar til psykologistudia.

Var innstilt på kvote

– Me må sjå nærare på saka i leiargruppa vår, seier psykologidekan Bente Wold til På Høyden.

– Me var innstilt på at me kunne få på plass ein kvote, sjølvsagt innanfor eit gitt karakterkrav, men no må me sjå nærare på kor mange mannlege søkjarar som kjem inn, og sjå korleis det har endra seg over tid.

Psykologidekanen seier at fakultetet ideelt sett ønskjer seg minst tretti prosent mannlege studentar.

Tidlegare har ho sagt til På Høyden at dei som kjem til ein psykolog kjem med ulike former for problem og plager. Det er ein fordel at ein kan velja å gå til ein person av same kjønn som ein sjølv, dersom ein ønskjer det. Dekanen har òg peika på at eit fag som vert veldig prega av eitt kjønn kan stå i fare for å verta hemma i utvikling og nyvinning, fordi det kan verta minre ope for nye perspektiv.

Til mannlege sjukepleiarar

– Studentmassen innan dei ulike studia bør spegla samfunnet, seier forsking- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø i ei pressemelding.

Regjeringa har difor gjort endringar i opptaksforskrifta som gjer at ein kan gi inntil to ekstrapoeng til dei som søkjer studium der det er minst åtti prosent studentar frå, eller yrkesutøvarar frå, den aktuelle utdanninga.

Dette betyr at mannlege søkjarar no kan få ekstrapoeng til opptak ved veterinærutdanning og dyrepleiarutdanning ved NMBU og til sjukepleiarutdanning ved UiA og Lovisenberg diakonale høgskole. Frå før får kvinner ekstrapoeng ved opptak til nokre teknologiske fag.

Dekan Bente Wold vil diskutera avslaget med leiargruppa ved fakultetet. Foto: Tor Farstad
Powered by Labrador CMS