Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm innrømmer at han nok var litt upresis då han sa at både UiT og HVL har klare avtalar med Oslomet om å gå inn som eigarar i Khrono.

UiB: HVL har klar avtale om Khrono-samarbeid. HVL: Me har ingen avtale

Publisert

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa til universitetsstyret at UiT og HVL har klare avtalar med Khrono. Institusjonane avkreftar dette.

– Litt av dilemmaet er at Oslomet har bede om ei avklaring frå UiB innan utgangen av august. Dei har vore ganske tydelege på at dersom det ikkje kjem ei avklaring herifrå vil dei gå vidare med andre. Dei har no ein klar avtale med Universitetet i Tromsø og Høgskulen på Vestlandet.

Dette sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm då universitetsstyret diskuterte sak om nasjonal universitetsavis.

Men verken Universitetet i Tromsø (UiT) eller Høgskulen på Vestlandet (HVL) har nokon avtale om å gå inn i Khrono, som er avis for Oslomet.

HVL: Villig til dialog

– Me har sagt at me er villige til å gå i dialog med Oslomet. Men førebels har me ikkje hatt noko møte, og det er heller ikkje sett noko dato for eit møte, seier HVL-rektor Berit Rokne til På Høyden.

Rokne seier at HVL førebels ikkje har diskutert vilkåra ein eventuelt eigarskap i Khrono, verken når det gjeld kostnad eller modell.

– Avis for sektoren er ei viktig sak. Men for ein framleis forholdsvis nyfusjonert høgskule er det andre ting me først har teke tak i. Dette er ikkje ei hastesak for oss, seier Rokne.

UiT: Ingen forpliktande avtale

Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet har sagt at dei ønskjer å diskutera nærare vilkår for ein eventuell medeigarskap i Khrono. Det seier konstituert kommunikasjonsdirektør Hanne Karde.

– Khrono og Oslomet har på si side sagt at dei avventar avklaringar frå UiB før dei går vidare med oss. Utover dette har me ingen forpliktande avtale om ein medeigarskap i Khrono, skriv Karde i ein epost.

Bernstrøm: Var nok litt upresis

– Eg refererte det eg har fått opplyst frå UiT: Dei har svara positivt på at dei ønskjer å ha eit samarbeid med Khrono. Eg oppfatta at dei hadde ein avtale om å gå i dialog om samarbeid, men at dei vart bedne om å venta fordi Oslomet først ønskjer ei avklaring frå UiB, seier Bernstrøm til På Høyden.

– Kva med HVL?

– Dei har sagt at dei er interessert. Eg har oppfatta at begge desse institusjonane har intensjonsavtalar om vidare dialog med Oslomet.

– Er det dette same som å ha klare avtalar?

– Eg var kanskje litt upresis, men refererte til avtalane om vidare dialog. Men dette var ei løypemelding til universitetsstyret, det vil koma ei ny sak i august, seier Bernstrøm.

 

Powered by Labrador CMS