UiB-styret har sett som krav at den lokale avisdekninga skal oppretthaldast. På Høyden vil halde fram, no under Khronos redaktør. Foto: Njord V. Svendsen

Sa ja til nasjonal avis i Bergen

Publisert

Khrono får redaksjon med tyngdepunkt både i Bergen og Oslo. Bergensredaksjonen skal levere stoff til På Høyden, som blir redaksjonelt underlagt Khrono.

Det har vore ein lang og krokete veg fram, men no er Universitetet i Bergen (UiB) og Oslomet berre eit musesteg unna å realisere planane om ei ny nasjonal avis.

Styret gav torsdag tilslutning til forslaget til avtale. Det betyr i praksis at det blir ei ny nasjonal sektoravis med redaksjonar i Bergen og Oslo  – så framt Oslomets styre godkjenner avtalen på si side på styremøte 14. desember.

– Det som har vore avgjerande har vore å få til grensedraginga opp mot På Høyden, sa assisterande direktør Tore Tungodden, som har forhandla for UiB saman med styreleiar i På Høyden, Jan Heiret.

Khrono får redaktør for På Høyden

Avtalen inneber at det skal etablerast ein samla redaksjon i Bergen med tre nye stillingar betalt av UiB som skal levere stoff til både nye Khrono og På Høyden. På Høyden blir redaksjonelt underlagt Khrono-redaktøren og skal drivast vidare som lokalavis i vest med ny føremålsparagraf. Dagens På Høyden-redaksjon består av tre stillingar.

Avtalen skal evaluerast etter tre år, og gir rom for partane til å trekke seg ut.

Avisa skal ifølgje avtalen ha redaksjonelt tyngdepunkt både i Oslo og Bergen. Nye Khrono skal vere ei «uavhengig riksdekkende avis for universitets- og høgskolesektoren, og randsonen rundt denne», heiter det.

Det blir lagt vekt på at avisa skal ha allmenn interesse, sjølv om det er snakk om eit nisjemedium.

På sikt er målet å etablere ein organisasjonsmodell som gjer avisa uavhengig og fristilt frå institusjonane.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm trekte fram kor vanskeleg denne saka hadde vore. UiB-leiinga fekk ikkje medhald for sine forslag til å gå inn i nasjonal avis då saka vart handsama første gong tidlegare i år. 

– Men eigentleg har dette blitt ei gladsak etterkvart, sa Bernstrøm.

Styremedlem Kjersti Fløttum slutta seg til Bernstrøms karakteristikk.

– Det blir spennande å følgje. Eg trur også det er veldig bra at det blir ein samla redaksjon, sa ho. 

Usikkert med UiO

Parallelt med sluttforhandlingane av avtalen mellom UiB og Oslomot er 9 av 21 institusjonar i sektoren på nippet til å slutte seg til prosjektet. Høgskulen i Bergen ligg an til å finansiere ei redaksjonell stilling, det same gjer Universitetet i Tromsø. Universitetet i Oslo går inn finansielt, men det er framleis usikkert korleis dei ser for seg samarbeid på sikt.

Det er også høgst usikkert kva NTNU, som har vore involvert i samtalar, vil gjere vidare. Styret ved NTNU har vedtatt å opne for Khrono-samarbeid, men samstundes slått fast at Universitetsavisa, NTNUs eiga uavhengige avis, skal styre samarbeidet i det daglege.

Blant universiteta er det no berre Nord universitet og NMBU (Norges miljø- og biovitenskapelige universitet) som ikkje er med forhandlingane.

Planen er et at nye Khrono (og På Høyden) skal vere i drift i løpet av 2019.  Bergensredaksjonen skal etter planen lokaliserast i Media City Bergen. Redaksjonen i Bergen skal leiast av ein redaksjonssjef, som skal vere del av leiargruppa i Khrono. Etablering av eit nytt styre – der styreleiar etter alle solemerker blir frå UiB – er under arbeid.

Powered by Labrador CMS