Prorektor Bjarne Foss meiner NTNU no bør vurdere å gå inn i Khrono. NTNU har tidlegare stilt seg avvisande til invitiasjonen frå Oslomet. Foto: Kristoffer Furberg/Universitetsavisa

Nasjonal avis: NTNU snur og vurderer å gå inn i Khrono

Publisert

– Vi har bestemt oss for å vurdere saka på nytt, seier prorektor for forsking ved NTNU, Bjarne Foss.

Universitetet i Bergen (UiB) og Oslomet er alt i forhandlingar om sameigarskap om Oslomets uavhengige avis, Khrono. Etter det På Høyden forstår, skal UiB alt ha fått gjennomslag for sine viktigaste krav: 50 prosent eigarskap, «redaksjonelt tyngdepunkt» i Bergen og ei ordning der Bergen skal ha styreleiar, dersom Oslo har ansvarleg redaktør, og omvendt.

Om dette blir utfallet, er no meir uklart, etter at NTNU har snudd i spørsmålet om nasjonal avis for UH-sektoren. 

Universiteta i Tromsø og Stavanger klare for å forhandle om medeigarskap, om Oslomet vil. UiB har signalisert at dei vil kunne redusere kravet om 50 prosent eigarpost, om andre institusjonar melder seg på. Oslomet stadfestar at også dei er villig til å gi frå seg ein større del av sin eigarpost.

Går i dialog med Oslomet

Det har tidlegare vore uaktuelt for NTNU å gå inn i tettare samarbeid eller medeigarskap om nasjonal avis med utgangspunkt i Khrono. Det var Oslomet som i 2017 inviterte utvalde institusjonar i sektoren til å bli medeigarar i avisa.

I juni sa prorektor ved NTNU, Bjarne Foss nei, takk, og dette til På Høyden:

– Vi meiner at to aviser med nasjonale ambisjonar er å føretrekke framfor ein monopolsituasjon med ei avis.

Grunngivinga var at konkurranse bidrar til kvalitet. NTNU gir i dag ut Universitetsavisa.

No seier Foss dette:

– Vi ser at det skjer mykje i medielandskapet no, og då er det naturleg at vi ser på nytt på korleis vi bør gjere ting. Det betyr at vi går i dialog med eigarane av Khrono for å sjå på moglegheitene for ei tettare kopling.

Foss ønskjer ikkje å kommentere ytterlegare, men seier dei skal i eit sonderingsmøte med Oslomet i nær framtid.

Leiar i redaksjonsrådet for Universitetsavisa, Jens Barland, seier det er eit klart premiss at Universitetsavisa skal bestå.

– Universitetsavisa gjer ein god jobb både på NTNUs campusar og med nasjonale saker. For oss gjeld det å finne ut korleis eit nasjonalt organ der fleire går saman best bør organiserast – og korleis dette kan fungere for NTNU og Universitetsavisa, seier Barland.

«Innflytelse på videre utvikling»

Nyleg erklærte rektor ved Universitetet i Oslo, Svein Stølen, at dei vil involvere seg i Khrono og «støtte Khrono økonomisk i en periode med en betinget intensjon om videreføring» og slik «få innflytelse på videre utvikling». I første omgang skal det dreie seg om pengestøtte, utan kopling til eller krav om redaksjonelle ressursar ved UiO.

Også UiO har tidlegare avvist invitasjonen om å gå inn i Khrono.

Blant universiteta i Noreg er det i dag berre UiO, NTNU, UiB og Oslomet som har eigne uavhengige aviser med redaksjonar plassert ved universiteta.

Utanom UiB, er det Universitetet i Tromsø (UiT) som klarast har erklært ønske om bli medeigar i Khrono.  

Vil ha Khrono i nord

– Vi er i dialog med OsloMet, UiB og andre om korleis vi kan få dette til. Utgangspunktet vårt er annleis enn det er for UiB og Oslomet, i og med at vi ikkje har ein eigen redaksjon som skal gå inn i dette. Men vi ser for oss at eit styrka Khrono skal ha kapasitet til å dekke UH-sektoren i vår region, seier universitetsdirektør Jørgen Fossland.

– Betyr det at de ønskjer ein journalist eller redaksjon basert i regionen?

– Ein redaksjon er heilt urealistisk, men vi ønskjer at den samla redaksjonen i Khrono også skal vere representert i nord og ha ressursar til det.

UiT har presentert ei førebels tilbakemelding på omfanget av det økonomiske bidraget og korleis dei ønskjer og ser for seg si rolle som medeigar i Khrono. Jørgen Fossland ønskjer ikkje å kommentere detaljane i dette eller kor mykje pengar UiT vil gå inn med.

UiS vil forhandle

Etter eit «avklaringsmøte» ved Oslomet 11. september har også Universitetet i Stavanger (UiS) no meldt tilbake at dei ønskjer å investere i Khrono og gå i forhandlingar om medeigarskap.

Universitetet i Sørøst-Norge (USN) arbeider med saksframlegget til universitetsstyremøte 19. oktober. Der skal styret ta stilling til prinsipielle spørsmål, ifølge stabssjef for rektor, Per Eirik Lund – før ein eventuelt bestemmer seg for å gå inn med pengar.

– Dette kan dreie seg om korleis ei sektoravis bør sjå ut og vere organisert: Bør for eksempel publikasjonen vere eigd av ein eller fleire universitet, eller kan ein sjå for seg andre eigarstrukturar, seier Lund.

– Er det ønskeleg for dykk å ha ein redaksjon eller redaksjonell medarbeidar ved nokon av dykkar campusar?

– Dette har ikkje vore vurdert.

Sørlandet ikkje invitert

Universitetet i Agder er blant institusjonane som ikkje er invitert til å bli med på spleiselaget. 

– Vi følgjer med frå sidelinja. Dersom det skulle bli aktuelt, tar vi opp saka. Men vi er ikkje invitert, og var heller ikkje invitert til avklaringsmøte i september. Hadde vi blitt det, skal du ikkje sjå bort ifrå at vi hadde møtt, seier universitetsdirektør Seunn Smith-Tønnesen.

Forhandlarane frå UiB og Oslomet skal ha eit uformelt møte neste veke.

Deretter kan det bli mange rundt forhandlingsbordet med UiT, UiS, og kanskje også NTNU rundt forhandlingsbordet.

Ifølgje direktør og forhandlingsleiar ved Oslomet, Tore Hansen, er målet framleis å komme i mål med ei forhandlingsløysing i løpet av hausten.

Powered by Labrador CMS