– Kina er ikkje imperialistisk

Publisert

Mens USA og Vesten framstiller Kina sine aukande investeringar i Stillehavet som ein trussel, viser Kina i realiteten stillehavsnasjonane ein respekt dei ikkje har opplevd frå dei vestlege investorane, ifølge statsvitar Terence Wesley-Smith.

I løpet av dei ti siste åra har Kina tydeleg etablert seg i Stillehavsregionen gjennom handel, investeringar og bistand. Det er mellom anna i store nikkel- og koboltgruver i Papua Ny Guinea at Kina har gjort store investeringar.

– Ein del av det kinesiske prosjektet har vore å konkurrere med Taiwan i området, men Kina sitt nærvær i regionen kan ikkje reduserast til desse spesifikke interessene, fortel professor  Terence Wesley-Smith frå University of Hawai´i at Manoa. Hovudpoenget er at Kina vil delta på den globale marknaden, seier han.

Statsvitaren Terence Wesley-Smith besøkte nyleg Bergen då han deltok på ein konferanse i regi av Bergen Pacific Studies Research Group. Konferansen var avsluttinga på eit seks år langt fleirnasjonalt og tverrfagleg forskarprosjekt, som har hatt fokus på møte mellom kulturarv og nye politiske prosessar i øystatane i Stillehavsområdet.

Nøytrale
Tradisjonelt sett har dei største bistands- og handelspartarane i Stillehavsregionen vore vestlege statar som Australia, New Zealand, Japan, Frankrike og USA. Den største skilnaden i politisk forstand mellom vestleg og kinesisk handel i Stillehavet er at Kina ikkje set vilkår til Stillehavs-statane, meiner Wesley-Smith. Medan den vestlege støtta og investeringa føreset reformer og demokratisering, seier Kina eksplisitt at dei ynskjer å vere politisk nøytrale i samarbeidet, fortel han.

– Dei vil ikkje blande seg inn i andre statar sine interne saker. Kina tek ikkje stilling til om dei støttar eit autoritært eller eit demokratisk styre. Dette fritaket frå politiske forpliktingar er svært lukrativt, mellom anna for militærdiktaturet Fiji, seier Wesley-Smith.

Meir respekt
Kina viser Stillehavsnasjonane ein respekt dei ikkje har opplevd frå dei vestlege investorane, ifølge Wesley-Smith. Han meiner at krava dei vestlege handelspartnerane stiller til øybefolkningane er for strenge, fordi samfunna vert tvungne til å endre kulturen sin for å passe inn i det vestlege handelssystemet.

– Vesten vil ta bort dei særeigne eigenskapane ved Stillehavet sine kulturar, seier han.

Til dømes må dei gå bort frå det tradisjonelle kommunalistiske eigarskapet av jorda, noko som ifølge Wesley-Smith har fått særleg alvorlege konsekvensar for dei innfødde på Hawaii.

– Dei kjenner seg som framande på si eiga øy, seier han.

Artikkelen held fram under biltetet.
Kina investerer stort i råmateriale og energi i stillehavsøyane utan å blanda seg inn i lokalbefolkninga sin veremåte, ifølgje Terence Wesley-Smith.  (Ill.foto: Colourbox)

Falsk trussel
I vesten har vi lett for å tolke situasjonen som at Kina gjer seg klar til å ta over område for område, men Kina har sin eigen agenda. Dei har fokus på interne problemstillingar, og ikkje på USA, hevdar Wesley-Smith.

– Kina bryr seg berre om Kina. Det som skjer er ikkje at Kina tar over verda, men at Kina ser etter interessene sine, seier han.

Wesley-Smith  avvisar ”den Kinesiske imperialismen” som retorikk frå USA. Med eit militært budsjett som er mange gonger større noko anna land i verda tener USA på å framstille Kina som ein trussel for å legitimere pengebruken, hevar Wesley-Smith. Derfor brukar Hillary Clinton retorikk som; ”If we don´t do it China will”. Men dette er ei feil framstilling meiner han. 

– Kina er tilstade i resten av verda fordi det er ei ekspanderande global makt. Ved å etablere seg i den globale markanden på felt der dei har interesser gjer Kina berre det same som andre ekspanderande globale makter.

Vil ikkje utfordre
Kina har gått inn i den globale handelen med ei innstilling om føye seg etter Vesten sine premissar. Dei har slutta seg til det kapitalistiske systemet som Vesten har skapt, og er no til dømes medlemmer av WTO.

– Slik det er no opererer Kina innanfor det vestlege systemet, og dei går inn for å ikkje utfordre Vesten. Men om dei ein dag bestemmer seg for ei meir påståeleg tilnærming er eit ope spørsmål, innrømmer han.

USA har absolutt hegemoni
Den militære maskina USA kontrollerer er massiv, og dei brukar mange gangar meir enn noko anna land på forsvarsbudsjettet. Men dette har føregått såpass lenge at vi ikkje tenkjer vidare over det, det har blitt normalisert, hevdar Wesley-Smith.

– Kina på si side, har ikkje militære basar på andre kontinent, og dei seier dei heller ikkje ynskjer det. Det Kinesiske militærbudsjettet har auka betrakteleg, men det er likevel enno berre 14 prosent av det  amerikanske militærbudsjettet, fortel Wesley-Smith.

Skulle det komme til ein krigsliknande situasjon mellom Kina og USA ville ikkje Kina ha hatt ein sjanse, meiner han.

USA ligg milevis framfor teknologisk, og dei har absolutt hegemoni militært.

Auka fokus
UiB-forskar Hilmar Langhelle Mjelde meiner det er ikkje er tvil om at USA er oppriktig oppteken av kva Kina som veksande stormakt gjer. Han hevdar at årsaka til at USA under Obama har auka fokus på Asia og Stillehavsregionen ikkje berre er Kina si framferd, men også det uførutsigbare regimet i Nord-Korea.

– Desse endringane føyer seg inn i ein lang realpolitisk tradisjon i amerikansk utanrikspolitikk, der USA posisjoner seg ut ifrå sine interesser, fortel Mjelde.

Han påpeiker at Obama faktisk tar til orde for å redusere dei militære utgiftene med fleire hundre milliardar i løpet av det neste tiåret, som ledd i å kutte offentlege utgifter generelt.

– Med andre ord  er dette et samansett tema med mange nyanser, seier han.

Maktskifte
Hausten 2012 vil det skje store rokkeringar med utskifting av mange av dei leiande posisjonane i kommunistpartiet i Kina, men stipendiat ved institutt for samanliknande politikk, Hans Jørgen Gåsemyr, meiner vi likevel ikkje vil sjå vesentlege endringar i Kina sin politikk i Stillehavet.

– Interessene til Kina er på dette området klare, men det som kan endre seg er synet på korleis Kina best kan fremme interesser sine, seier Gåsemyr.

– Kina har dei siste åra vist ei meir sjølvsikker og aktiv linje som mange meiner har bidrege til oppheting av fleire konfliktar, derfor er det mange i landet som meiner dei vil tene på ein politikk som framstår som mindre aggressiv og som dempar Kina-skepsisen i dei aktuelle nabolanda, seier han.

Under Folkekongressen som nyleg vart held blei det kjent at Kina held fram med oppbygginga av dei militære styrkane, med ei auke på 11 prosent i 2012 i forhold til fjorårets budsjett. Prioriteringa er ei styrking av kapasiteten i lokale område og oppbygging av eit meir robust sjøforsvar, fortel Gåsemyr.

– Det er eit klart signal om at Kina vil stå sterkare i sine nære Stillehavsområde, og det kjem det nye regimet til å ta med seg vidare, seier Gåsemyr.

– Kina er ikkje imperialistisk

Fakta/Pacific Alternatives prosjektet
* «Pacific Alternatives: Cultural Heritage and Political Innovation in Oceania» er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike universitet og kulturinstitusjonar  frå mellom anna USA, Australia, Storbritannia, Norge og ei rekke Stillehavsland, som er støtta av Forskingsrådet.

* Det er eit tverrfagleg prosjekt mellom statsvitarar, antropologar, historikarar og arkeologar.

* Målet har vore å få betre grep på relasjonane mellom ideane om kulturarv og nye politiske prosessar, så vel som ståstaden til småstatar i møte med den globaliserte verda.

* Prosjektet tok til i 2006 og har no offisielt blitt avslutta førre veke.

* Samarbeidet har resultert i ein serie konferansar og bokutgjevingar.

Powered by Labrador CMS