Kjemikarar med metode som kan blokkera genfeil

Publisert

Ved Kjemisk institutt, UiB lagar ein syntetiske molekyl som kan bli ein nøkkel til å blokkera genfeil. Forskarane er del av ei internasjonal forskingsgruppe som tirsdag 16.april publiserte dei nye funna sine i det anerkjende tidsskriftet PNAS (Proceedings of the National Academy of Sciences, USA).

Det kjemikarane har funne er ein ny klasse syntetiske molekyl som bokstavleg talt kan virke som ein nøkkel til å låse ute seksjonar av DNA og dermed hindra proteinar frå å vekselverka med DNA-koden. Ved å blokkera DNA på denne måten kan forskarar stoppa aktivering av spesielle sekvensar av DNA. Metoden kan i prinsippet brukast til blant anna å blokkera genfeil - som resulterer i ei rekke sjukdommar.

Det nye molekylet, ein såkalla supramolekylær sylinder beståande av to jernatom knytt saman av tre organiske bruer, er syntetisert av professor Mike Hannon ved Universitetet i Warwick. Karakterisering av bindingsforhold mellom “sylinderen” og eit DNA- modellsystem er utført ved Kjemisk institutt, UiB, av professor Einar Sletten og dr. student Erlend Moldrheim. Dette arbeidet omfattar bruk av høg-felt NMR spektroskopi og molekylardynamiske berekningar. Professor Virudes Moreno, Universitetet i Barcelona har uført mikroskopi-studiar av større DNA -sylinder system.

Vidare forskning på prosjektet blir finansiert gjennom eit EU Research Training Network (RTN) mellom Warwick, Bergen, Barcelona, Brno og Gøteborg.

Powered by Labrador CMS