Kjetteri og tysk litteratur i NorFA-nettverk

Publisert

Aldri har så mange søkt forskingsmidlar frå Nordisk Forskerutdanningsakademi (NorFA), og aldri har så få fått pengar. Det fortel vonleg om høg kvalitet på prosjekta som fekk tildelingar før jul, og UiB tek del i to av dei.

– Vi har nok funne eit tema mange er opptekne av, og kjem borti i forskinga si, trur professor Beatrice Sandberg ved Germanistisk institutt. Nettverket «Autobiographical writing i contemporary German literature» har fått 300.000 kroner i støtte kvart år i tre år framover. Om lag 25 forskarar, av dei rundt 15 juniorforskarar, er med i nettverket. Tre personar held til i Bergen, resten er spreidd i Finland, Danmark og Sverige.

– Temaet vårt er den blandinga av fiksjon og røyndom som vi ser så mykje av i moderne prosa, seier Sandberg, og nemner som døme Dag Solstad sin roman 16-07-41, der han har brukt sin eigen fødselsdato som tittel og sjølv er hovudpersonen.

– Vi er interesserte i å studere dei problema som kan oppstå, slik vi har sett i debatten kring Åsne Seierstad og Bokhandleren i Kabul. Kvar går grensa mellom fiksjon og fakta? Kan ein skrive kva ein vil og sleppe unna berre ved å kalle det ein roman? Eller blir ei skildring av eit opphald i ein konsentrasjonsleir meir truverdig om ein kallar det ei beretning? Kva er autentisitet, kva er sanning?

Å konstruere seg sjølv

Den sjølvbiografiske prosaen får også implikasjonar for t.d. tolking av historie, meiner ho.

– Før såg ein på litteratur som upåliteleg i historiesamanheng. No har vi i større grad det vi kallar «å skrive historie nedanfrå». Forfattarar skriv om historiske prosessar på bakgrunn av autentisk materiale i romanane sine, medan historieskriving derimot ikkje er så objektivt som mange trur. Kva kan då litteraturen bidra med av kunnskap om fortida? Kva hugsar vi, og kva trur vi at vi hugsar? Også førstehandsberetningar er resultat av erindringsprosessar før og under skrivinga. Ein kan også sjå på sjølvbiografisk skriving som identitetskonstruksjon. Når ein fortel om noko, er det ofte for å beskrive korleis ein er blitt den ein er. Med den utviklinga vi gjerne kallar globalisering, kjenner mange ein trong til å finne sin identitet, og då skriv dei gjerne om barndom og ungdom. Serleg i ei tid der grenser og politiske system har endra seg, og migrasjon er blitt eit nøkkelomgrep, forklarer ho.

Kjernen i nettverket er ein årleg konferanse, der den første blir i Norge. Den skal ta for seg temaet identitetskonstruksjon.

– Poenget er jo at folk sit spreidd og åleine og jobbar med prosjekta sine. Slike samlingar hjelper oss til å danne gode nettverk for inspirasjon og seinare bruk, seier Sandberg.


Dei første kjettarane

Årlege samlingar er også kjernen i det andre nettverket som har fått støtte frå NorFA, «The Nordic Nag Hammadi and Gnosticism Network». Her er dei primære samarbeidspartnerane dei teologiske fakulteta ved universiteta i Århus og Helsinki. Professor Einar Thomassen ved Seksjon for religionsvitskap er koordinator for nettverket.

Nettverket studerer ei samling antikke, gnostiske skrift som vart funne i Nag Hammadi i Egypt for vel femti år sidan.

– Gnostisismen er ei religiøs retning, primært innanfor kristendomen, som hevda at frelsa gjekk ut på å frigjere seg frå kroppen, og at det eigentlege mennesket er den andelege kjerna vi har inne i oss. Kroppen er eit fengsel, og den materielle verda noko negativt. Gnostikarane var dei første kjettarane i kristendomen, fortel Thomassen.

Spira til nettverket vaks fram på eit forskarutdanningskurs i Alexandria hausten 2002. Der deltok fleire nordiske doktorgradsstudentar, og nokre av dei synte seg å drive med Nag Hammadi-relatert forsking.

– Det var ei overrasking for meg, eg visste ikkje at interessa for dette var så stor. Så arrangerte vi på ståande fot ein workshop, og deretter ein sommarskule. Studentane foreslo sjølve å danne eit nettverk og søkje om pengar frå NorFA.

Sidan nettverket allereie har hatt ei samling i Bergen, vil dei neste sommarsamlingane bli lagt til Helsinki og Århus. Det siste året vonar ein å kunne reise til Alexandria. I tillegg vil ein satse på auka kontakt og forskaropphald mellom institusjonane.

– Dette er jo vanskelege studium, der ein må kunne lese og omsette koptisk. Med så spesielle emne er det einaste fornuftige å samarbeide på nordisk basis, meiner Thomassen.

Powered by Labrador CMS