Det var mange kvinner i kappe å sjå utanfor Håkonshallen då det var doktorpromosjon i fjor haust. 2014 var det første året der det i Noreg var fleire kvinner enn menn som tok doktorgrad.

23 prosent kvinnelege professorar

Publisert

Talet på kvinner som tek doktorgrad har dobla seg sidan 2006. Men kva skjer med dei etterpå? – Mange kvinnelege ph.d-ar gir ikkje automatisk fleire kvinnelege professorar, seier forskar Agnete Vabø.

1448 doktorgrader vart godkjende i 2014. 730 av dei som disputerte var kvinner, 718 var menn. Kvinnene er i fleirtal innan samfunnsvitskap, medisin og helsefag og landbruksvitskap og veterinærfag, menn er i fleirtal innan teknologi og matematikk og naturvitskap, medan i humaniora er det ganske jamnt. Det viser tal frå Nifu. Men kva skjer så?

– Dersom ein ser til dømes på kor mange kvinner som er professor i klinisk medisin, så finn ein at det er få. Mange kvinnelege doktorgradskandidatar gir ikkje automatisk fleire kvinnelege professorar, seier Agnete Vabø.

Ho er forskar I hos Nifu (Norsk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning), med høgare utdanning og vitskapeleg tilsette som spesialfelt.

Ikkje plass til alle
Mange kvinner med doktorgrad heng truleg saman med at det generelt er mange kvinner som tek høgare utdanning. På Høyden har tidlegare skrive at det no vert diskutert om ein skal innføra kjønnspoeng ved nokre studium, fordi kjønnsbalansen er svært skeiv. I dag får kvinner ekstrapoeng dersom dei søkjer nokre fag innan teknologi og marin.

Men dersom ein ser på kva som skjer seinare, etter doktorgrad, finn ein at det framleis er flest menn som vert tilsett i vitskapelege stillingar. I 2014 var 33 prosent av professorane som vart tilsett i ordinær stilling ved UiB kvinner, medan 36 prosent av dei 28 som fekk opprykk til professor, var kvinner. 43 prosent av førsteamanuensisane som vart tilsett, var kvinner. Tala varierer litt frå år til år, men samstundes snakkar ein om små tal.

Totalt sett er 23 prosent av dei 520 UiB-professorane kvinner. Slik var det òg i 2013.

– Ein viss del av dei med doktorgrad skal jobba innan privat eller offentleg sektor, det er ikkje plass til alle i akademia, seier Vabø.

– Samstundes har me ein svært kjønnssegregert arbeidsmarknad i Noreg. Kvinner vel ofte fag der det akademiske vindauga er trangt, det er verre å få ein postdok-stilling innan humanistiske fag enn innan teknologi-fag, seier ho vidare.

Menn får strekka dagen
Tal frå UiB viser at 72 prosent av dei tilsette i administrative stillingar er kvinner. 43 prosent av dei som har forskings- formidlings- og undervisningsstillingar er kvinner.

– Forskarar frå andre land lurer på kvifor ein ikkje er meir likestilt i Noreg, gitt alle dei velferdsgodene me har. Hos oss er det mogleg å kombinera barn med karriere. Men både norske og utanlandske studier av akademikarar sin tidsbruk tyder på at det nok likevel slik at det er mannen som får dei ekstra timane, det er han som får strekka arbeidsdagen utover ettermiddagen. Og ser me på kven som har bistilling, altså 20 prosent ekstra stilling, er rundt 90 prosent av dei menn, seier Vabø.

I UiB sin likestillingsstatistikk for 2014 er det ein eigen tabell over kven som er heime med sjuke barn. Kvinner er det i mykje større grad enn menn.

Sosial bakgrunn
Men er kjønnspoeng eit verkemiddel som vil ha noko å seia for fordelinga mellom kvinner og menn?

– Dersom 90 prosent av norske psykologar er kvinner, er ikkje det bra, seier Vabø.

Ho seier sosial bakgrunn har mykje å seia når ein vel utdanning.

– Kva jenter er det som byrjar på til dømes medisin?

Samstundes har ein eit slags statushierarki blant utdanningane. Dette er utdanningsløp som krev gode karakterar for å koma inn, og som gjerne er framtidsretta.

–  No er det fag som teknologileiing og nano som gir høg status. I tillegg har medisin framleis høg status, der har det alltid vore vanskeleg å koma inn, seier Vabø.

– Dersom oljealderen går mot slutten, er det slik at ein kan venta seg at menn søkjer tilbake til dei offentlege yrka som tidlegare var mannsdominert, som tannlege? Og vil «snillare» energiformer trekkja til seg kvinner?

– Ein har døme på at mannsdominerte fag har vorte meir kvinnedominerte, til dømes var det fleire kvinner som gjekk inn i polarforsking då den gjekk over til å verta meir prega av biologi. Men å berre snakka om kvinner og menn, forklarar lite. Ein må sjå på ulike aspekt ved kjønn og klasse for å skjøna rekruttering til dei ulike faga, og kva som gir mest prestisje vert spegla i den sosiale rekrutteringa, seier Vabø.

Har studert mannlege psykologistudentar
– Det er nok slik at gutra med veldig gode karakterar frå vidaregåande gjerne brukar dei gode karakterane på andre ting enn psykologi„ seier Agnes Andenæs.

Ho er professor ved Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, og har leia prosjektet «Menn i Profesjonsprogrammet i Psykologi». Formålet med studien, der 18 mannlege profesjonsstudentar vart intervjua, var å læra meir om kvifor menn bestemmer seg for å studera psykologi, og òg å sjå på den kulturelle samanhengen valet vert teke i.

Andenæs skildrar psykologi som historisk sett eit 50-50-fag, med tradisjonelt om lag like mange kvinner og menn. No er kvinnene klart i fleirtal blant studentane både i Oslo og Bergen, slik det er på medisin og juss òg. I Oslo arrangerte Psykologisk institutt nyleg ein eigen gutedag, retta mot gutar frå vidaregåande skule. Målet er å få fleire mannlege søkjarar.

– Dei mannlege psykologstudentane me snakka med, hadde ofte brukt nokre år på å finna ut kva dei vil verta. Når dei forklarar kvifor dei valte psykologi, handlar det om at det er eit fag som gjer det mogleg å kombinera ulike interesser, som både samfunn og biologi, det gir ein trygg jobb i den andre enden, og fleire peikar òg på at dei får eit yrke der dei kan bety noko for andre. Noko dei har opplevd som eit stort pluss ved sjølve studiet, er at dei høyrer til eit kull heile vegen.

– Bør ein innføra kjønnspoeng for å få inn fleire mannlege psykologar?

– Eg synest ikkje det er enkelt å svara på det. Nett no tenkjer eg at ein kan prøva nokre år, og følgja godt med på kva som skjer. Så vidt eg har skjønt, kan eit ganske lite gutetillegg gi store utslag, seier Andenæs.

Som Vabø åtvarar ho mot å berre snakka om kjønn, og mot å snakka om kjønn på eit altfor enkelt vis. I eit kort notat frå studien heiter det at studentane som vart intervjua åtvarar mot å bruka kjønnsstereotypiar, dei er skeptiske til det dei til dømes kalla rein macho-kampanje.

«Dette betyr ikke at det bare er å se bort fra kjønn, men det må forstås på andre måter enn hvordan unge kvinner og menn er. Et mer teoretisk informert utgangspunkt at både kvinner og menn blir forstått og forstår seg selv i lys av hvilken kjønnskategori de tilhører. Dermed blir det viktig å trekke inn det landskapet de unge mennene ferdes i; hvilke kulturelle forståelser som er i omløp og som de kan ta i bruk for å forklare/forstå seg selv, hvordan de gjør det, og med hvilket utfall.  Dette er kjønnete prosesser, som er både personlige og samfunnsmessige», skriv Andenæs og kollega Peder Kjøs.

Powered by Labrador CMS