Klagar på CMR-vedtak

Publisert

Universitetet i Bergen (UiB) kan overta Christian Michelsen Research (CMR), konkluderte Fylkesmannen i Hordaland. No ankar tilsette ved CMR avgjerdsla inn for Justisdepartementet.

I september godkjente Fylkesmannen i Hordaland UiBs planlagte overtaking av 50 prosent av aksjane frå CMR. Etter planen skal UiB, gjennom forskingsstiftinga UNIFOB, eige 85 prosent av aksjane i CMR. 15 prosent skal på sikt overdragast til industrielle investorar.

Fagforeininga Tekna har på vegne av dei tilsette ved Christian Michelsen Research (CMR) no klaga Fylkesmannen si avgjerdsle inn til Justisdepartementet. Fylkesmannens vedtak er ”fattet på feilaktig og sviktende grunnlag”, heiter det i ei pressemelding frå Teknagruppen ved CMR.

– Vanskeleg å akseptere

– Sakshandsaminga hos Fylkesmannen har vore summarisk og er vanskeleg å akseptere. Fylkesmannen si vurdering byggjer på ei uttaling som han henta inn frå Christian Michelsens Institutt (CMI). Den er full av manglar, seier talsmann for dei tilsette ved CMR, Dag Lothe, til På Høyden.

UiB har sidan 1992 eigd 50 prosent av aksjane etter at CMR vart skilt ut som eige selskap for teknologisk oppdragsforsking frå CMI. CMR og UiB har lenge hatt eit nært fagleg samarbeid, og i 2001 tok styret i CMR initiativet til ei tettare binding med UiB.


– Saka avslutta

Universitetsdirektør ved UiB, Kåre Rommetveit, stiller spørsmål ved om dei tilsette ved CMR juridisk sett har klagerett, og håpar konflikten snart kan leggast død.

– Eg hadde håpt at ein no var ferdig med diskusjonen og at vi kunne kome i gang med arbeidet rundt det faglege. Frå UiB si side er saka avslutta i og med Fylkesmannen si avgjerdsle, seier han.

Tilsette ved CMR har frykta at UiB har vore mest interessert i å hente ut verdiane i CMR – og at oppsplitting og bortfall av arbeidsplassar kunne bli resultatet av aksjeoverdraginga. Dette har blitt har blitt kategorisk avvist av UiB.

Powered by Labrador CMS