Klagar UiB inn for sivilombodsmannen

Leiv Marsteintredet har sendt tilsetjingssaka frå Institutt for samanliknande politikk til sivilombodsmannen. – Eg føler at eg har ei god sak, seier Marsteintredet til På Høyden.

Marsteintredet blei før jul vraka til ei stilling som førsteamanuensis på Sampol, til fordel for ein kvinneleg kollega. Sakkyndigkomiteen, leia av professor Kristin Strømsnes, hadde innstilt Marsteintredet over kvinna på grunn av betre faglege kvalifikasjonar.

Rekkefølgja blei ikkje gjort om av komiteen som vurderte intervju og prøveforelesning. Instituttleiar Lise Rakner  gjorde nye vurderingar i saka, og sende ho deretter til Likestillingskomiteen, som meinte at moderat kjønnskvotering kunne brukast. Rakner innstilte deretter kvinna på førsteplass, framfor Marsteintredet, som er spesialisert på Latinamerika.

– Eg klagar både på sakshandsaminga, og på utfallet av saka. Alle ledd er involverte i ein lengre klage, fortel Marsteintredet, som har fått fast stilling ved Universitetet i Oslo.

Han meiner seg utsett for diskriminering, og feil i sakshandsaminga på ei rekke punkt.

Då utfallet av saka blei klart oppdaga Marsteintredet at det ikkje var muleg å klage på avgjerda internt på UiB, sjølv om det etter hans meining er gjort grove feil i saka. Han blei difor tvungen til å klage til Sivilombodsmannen.

– Eg håper at dei ser mi side av saka, og at dei vil kommentere dei momenta eg meiner er kritikkverdige, seier Marsteintredet.

Tilsetjingssaka har gjort staben på Sampol opprørde. Mangelen på innsyn og forankring i miljøet har skapt dårleg stemning, og mange er særs misnøgde med handsaminga til den valde instituttleiaren. Fleire tilsette er og misnøgde med det fakultetet har gjort i saka. Tilsettinga blei vedteken samrøystes i fakultetsstyret. 

Powered by Labrador CMS