Klar for universitetsstyret

Publisert

Kjetil K. Fosshagen blir gruppe B sin representant i universitetsstyret den komande perioden. Han vil ha ei sterkare satsing på rekruttering.

Førre veke vart det klart kven som skal representere dei midlertidig tilsette i universitetsstyret den komande perioden. Kjetil K. Fosshagen, postdoktor ved Institutt for sosialantropologi,  tiltrer i styret den komande perioden. Dei midlertidig tilsette sine interesser vil vere ein hovudsak for den ferske styrerepresentanten når han tek til i haust.

– Vi må sørge for fleire rekrutteringsstilingar som gjev håp om ein fast jobb etter endt periode. Det betyr ikkje at det ikkje skal vere konkurranse om stillingane, seier han.

– Må hugse intensjonen
Fosshagen etterlyser nye stillingar som er øyremerka relativt ferske kandidatar og skjerma for professorkompetente, ei ordning liknande tenure track. Han meiner også at det er viktig å ha rekrutteringsstillingar og målet deira for auge i rekrutteringsstrategien ved UiB.

– Vi må hugse intensjonen bak rekrutteringsstillingane. Desse stillingane skal gje høvet til å kvalifisere seg for ei vidare karriere på universitetet og opparbeide seg professorkompetanse, seier han.

Han peikar på at talet doktorgradsutdanna er høgt og at det bør tenkjast nøyare gjennom kvar dei skal gjere av seg etter endt grad, anten det er i eller utanfor akademia. Den komande gruppe B-representanten brenn også for universitetsdemokratiet.

– Eitt konkret døme er å følge opp spørsmålet kring leiingsform på instituttnivå, seier han.

På eit meir generelt plan vil han jobbe for universitetet og forskinga sin autonomi.

– Universiteta er under sterkt press for å legge om undervisings- og forskingsporteføljen til noko som skal passe næringslivet. Det er grunn til å vise varsemd i høve til denne utviklinga, seier han.

Vararepresentantar på plass
Fosshagen understrekar at han vil vere open for innspel både frå midlertidig tilsette og fagforeiningar når han tek til som styrerepresentant. 1. vara for Fosshagen blir Eivind Heldaas Seland, postdoktor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. 2. vara er Christel Krossøy, forskar ved Institutt for biologi, og 3. vara er Vigdis Stokker Jensen, stipendiat ved Institutt for pedagogikk.

 

Powered by Labrador CMS