Klart for Åmås-disputas

Publisert

6.april disputerer Knut Olav Åmås for dr.philos graden med biografien om Olav H. Hauge ”Mitt liv var draum”. Doktorgraden som blir levert ved Informasjons- og medievitskap ved UiB har vekt debatt.

- Medievitskap har hittil måtta konsentrere seg om dei media som ikkje har hatt andre vitskaplege miljø knytt til seg. Men vi har heile tida halde fast på at boka er det eldste massemediet, og dessutan på fleire vis det viktigaste og høgast respekterte, skriv instituttstyrar ved Informasjons- og medievitskap Jostein Gripsrud i Dagens Næringsliv laurdag 2.april.

Jostein Gripsrud har også leia kommisjonen som skal vurdere boka til doktorgraden ved UiB.

Det har kome reaksjonar på at Åmås vart invitert til å disputere på eit institutt for medieforskning, men Gripsrud har i fleire omgangar streka under den breie profilen instituttet hans har og mellom anna lagt vekt på det at Noreg ikkje har sterke miljø for litteratursosiologisk forsking, og at medievitskapen kan vere med å fylle dette holet. Han har tidlegare sagt til På Høyden at det er mange ting ved Hauge-biografien som gjer ho interessant for vurdering ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Det er ei interessant avhandling skriven i ein populær sjanger.

- Vi er interessert i alt som fins av kulturstoff, både smalt og breitt. Eg meiner dessutan at Olav H. Hauge, mellom anna gjennom dyrkinga av han i Profilkretsen, har hatt ein posisjon i den norske populærkulturen, særleg den for mellomklassen, og både høg og låg har forhalde seg til han, sa Gripsrud.

Avhandlinga er publisert som bok i 2004, og er den første biografien skriven om ein av Norges fremste forfattarar i det 20. hundreåret, Olav H. Hauge (1908-1994). I følgje omtalen av doktorgraden er boka på 715 sider grunnlagsforsking om Olav H. Hauges liv og forfattarskap, samstundes som den presenterer ein teoretisk og metodologisk diskusjon om det å skriva ein akademisk, humanistisk biografi.

Den tek for seg utviklinga til Olav H. Hauge frå dei første upubliserte omsetjingar og eigne dikt i tenåra, til den siste finpuss han gjorde på Dikt i samling nokre få dagar før han døydde. Særleg legg avhandlinga vekt på dei samanhengar diktarverket utvikla seg innanfor opp gjennom tiåra: ideane som Hauge blei påverka av gjennom eiga lesing, direkte og indirekte litterær påverknad frå norsk og utanlandsk litteratur, litterære vener og forfattarar som hjelpte han fram, kontakten med konsulentar, forlag og det litterære system elles, og ikkje minst den mottakinga og kritikken forfattarskapen fekk frå debutboka i 1946 og i femti år etter.

Powered by Labrador CMS