Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kollegiet har bestemt at dekanane ved UiB skal koordinera og vurdera forslag på eksterne kandidatar til Kollegiet. Frå 1.januar 2003 skal Kollegiet i samsvar med den endra universitets- og høgskoleloven ha fire eksterne medlemmer, mot to i dag.
Dei eksterne representantane som vart valde inn hausten 2001, Anne Lise Ryel og Arne Skauge, skal behalda plassane fram til 2005. Dermed skal det veljast to nye eksterne medlemmer. Kollegiet meiner det ville vera uheldig om Kollegiet sjølv skulle ha ansvaret for å få fram forslag på kandidatar og har derfor vedtatt å overlata jobben med utveljing til dekanane. Når dekanane har bestemt seg for eit utval kandidatar skal dette opp i Kollegierådet. I tillegg til at det blir fleire eksterne medlemmer skal Kollegiet krympast frå 13 til 11 personar frå 1.januar 2003. Universitetet sitt styre kjem til å bli radikalt endra med denne reforma. Truleg vil dei eksterne, som etter nyttår utgjer meir enn ein tredjedel av styret, mot berre to av 13 i dag spela ei mykje meir aktiv rolle enn før.
På kollegiemøtet 12.september stilte Studentrepresentantane spørsmål ved om dekanane representerer alle grupper ved universitetet og om å velja ei slik løysing er demokratisk nok. Rektor Kirsti Koch Christensen tilbakeviste spørsmålet og sa at breidda blir ivaretatt på fleire måtar. Både ved at dekanane representerer alle; dei skal ta imot forslag frå alle grupper og heile universitetssamfunnet blir bedt om å koma med forslag. Vidare skal forslaga dekangruppa sluttar seg til skal behandlast i det breitt samansette Kollegierådet. I sitt utval vil dekangruppa sjå etter ønska eigenskaper hjå kandidatene - og kandidatar som vil vera til beste for UiB.
Nyval på interne medlemmer
– Truleg vil sakene som blir tatt opp i Kollegiet med den nye styreforma vera færre og av meir overordna karakter og ein nærmer seg form av eit konsernstyre, sa Koch Christensen.
Medlemmer til det nye Kollegiet blir valt for fire år - mot i dag tre år. Det blir også nyval på interne kandidatar frå UiB. Til gruppe A og B (vitskapleg tilsette) skal det veljast to personar mot i dag fem og i gruppe C (teknisk/administrativt tilsette) blir det nyval på ein person. I dag har denne gruppa to representantar i Kollegiet, i tillegg blir det nyval på to studentrepresentantar (gruppe D) som er same antal som før.