Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Standardiseringa av høgre utdanning i Europa held fram, og siste skot på stammen i Bologna-prosessen heiter Erasmus Mundus. Dette programmet blir lansert av EU-kommisjonen i desse dagar, og her ligg ei mogleg kjelde til finansiering for miljø som vil opprette masterprogram i samarbeid med institusjonar i andre land.
Erasmus Mundus er ei verdsomspennande vidareføring av Erasmus-programmet. Hovudmålet er å gjere utdanning i Europa meir attraktivt verda over, auke kvaliteten i europeisk høgre utdanning og auke samarbeidet med land utanfor EU. Hovudverkemiddelet er ei global stipendordning knytta til «Erasmus Mundus mastergradskurs» ved europeiske utdanningsinstitusjonar. Ei slik mastergrad skal tilby integrerte masterprogram som skal takast ved minst to institusjonar i minst to europeiske land. – Dette arbeidet er no i startfasen. Framleis er det ikkje heilt klart korleis ein skal handsame slike mastergrader reint juridisk - korleis vitnemålet skal sjå ut, til dømes. Men arbeidet er i gang, og for dei miljøa ved UiB som er interesserte i å utvikle slike felles program, kan det vere viktig å kome i gang så fort som råd. No i startfasen er det lettare å posisjonere seg, og det vil vere mindre konkurranse om midlane, trur han. Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet har allereie byrja arbeide med å utvikle felles europeiske masterprogram.
– Poenget er å utvikle felles masterprogram der studentane kan ta ulike modular fleire stader, forklarer Bjørn Erik Andersen ved Internasjonalt kontor.
Ver tidleg ute
Programmet skal i første omgang gå frå 2004 til 2008, og har 230 millionar euro til disposisjon for denne perioden. Det gjeld først og fremst mastergradskurs og studentmobilitet, der dei første kursa etter planen skal starte til hausten.
– Vi reknar med at dette vil bli viktig for UiB, både for å skaffe finansiering, og for å utvide det europeiske utdanningssamarbeidet og knyte det opp mot studentutveksling. Og vi vonar at nokre av våre miljø vil nytte høvet til å søke støtte frå Erasmus Mundus, seier Andersen.
Kystsoneforvalting blir pilotprosjekt
– Vi har så langt to program under utvikling. Det eine er innanfor akvakultur, det andre er ein «joint master of water and coastal management», fortel Bente Bjørknes ved fakultetssekretariatet.
– Initiativet til masterprogrammet i vatn og kystsoneforvalting kom frå universitetet i Algarve i Portugal, som har teke mykje av ansvaret for dette programmet. Eit slikt masterprogram skal fungere på den måten at studentane først tek eit semester ved heimeinstitusjonen, og så eit semester ved den institusjonen som er vert for graden det året. Det første året, og kanskje det neste også, kjem verten til å vere universitetet i Algarve. Forelesarar som er tilknytta programmet gjennom andre universitet, vil reise til vertsinstitusjonen og halde kurs der. Så kjem masteroppgåva, som gjerne kan takast ein tredje stad, forklarer Bjørknes.
Meininga er at dei første studentane skal takast opp frå hausten av, og altså reise til Algarve i vårsemesteret 2005. Etter kvalitetsreforma er norske universitet oppmoda om å ta del i slike joint degrees. Programma ved mat.-nat. vil i så måte bli nytta som pilotprosjekt innanfor dette arbeidet.