Klart for nytt studietilbod i ernæring

Publisert

Til hausten blir dei første studentane tekne opp til eit nytt, toårig masterstudium i ernæring. Mastergraden vil ha fire ulike fordjupingar, og ansvaret vil vere delt mellom Det medisinske og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

Det nye studietilbodet var oppe til orientering i universitetsstyret på siste styremøte. Bakgrunnen for etableringa er at ein ventar at samfunnet vil ha ein aukande trong for kunnskap om ernæring og ernæringsrelaterte fag, sett i eit tverrfagleg perspektiv. UiB har lenge tilbydd emne i ernæring, spesielt innanfor marinbiologi, og desse skal no samordnast og byggjast ut med mellom anna meir human ernæring.

Masterstudiet utnyttar eit langvarig institusjonssamarbeid mellom UiB og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (Nifes).

– Nifes har mange emne som passar inn i modellen vår, seier professor Ragnar Nortvedt, som er representant for mat.-nat. i arbeidsgruppa som utreier framlegg til modell og organisering av det nye studiet.

– Målet er å trekke innsatsen opp på eit tverrfakultært nivå slik at vi kan synleggjere studietilbodet i ernæring betre. Dei første masterstudentane blir tekne opp til hausten, på grunnlag av dei emna som allereie finst, og frå hausten 2005 vil vi tilby eit femårig masterstudium med bachelor og ei toårig påbygging.

Vekt på helse og sjømat

Det nye studiet vil tilby spesialisering i fire retningar: Human ernæring, human ernæring i globalt perspektiv, ernæring hjå akvatiske organismar, og kvalitet og foredling av sjømat. Dei to første retningane vil liggje under Medisinsk fakultet og mellom anna trekkje på kompetansen ved Senter for internasjonal helse. Dei to andre vil liggje under mat.-nat. og gjere seg nytte av tradisjonane kring utnytting av marine ressursar og kunnskap om sjømatproduksjon.

– I tillegg vil fag som odontologi, jus og politikk vere relevante for studiet. Vi inviterer alle som har interesser på området til å vere med i prosessen. Målet er å studere mat frå fjord og jord til bord, både prosessering og fordeling, og fordøying og utnytting av næringsstoffa, fortel Nortvedt.

Det femårige studieprogrammet skal vere sermerkt ved den tverrfaglege innfallsvinkelen, og hovudtyngda skal liggje på det marine, det helsemessige og det globale. Ein vonar at det nye studiet vil synleggjere tilbodet og verke positivt på studentrekrutteringa. Inntil vidare er det Utdanningsavdelinga som er prosjektleiar for studieprogrammet.

Powered by Labrador CMS