Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kor stabile er nordmenn sine haldningar til klimaspørsmål? Det prøver stipendiat Åsta Dyrnes Nordø å finna ut av.
– Eg har ingen pengar eller heftige publikasjonar å slå i bordet med. Men det er uttalt at unge forskarar skal verta tilgodesett så lenge kvaliteten på spørsmåla er god, seier Åsta Dyrnes Nordø.
Ho er stipendiat ved Institutt for samanliknande politikk og nyttar data frå Medborgarpanelet i prosjektet sitt. Panelet består, som På Høyden nyleg har skrive, av 6.000 tilfeldig valte nordmenn. Dei svarar førebels på spørsmål to gongar i året, frå neste år vil dei få tre spørsmålssett. Forskarar som har gode spørsmål kan søka om å få desse med, og stipendiatar kan altså sleppa å betala for det.
– Eg ser mellom anna på kor stabile folk sine haldningar til klimarelaterte spørsmål er. Viktige forskningsspørsmål i denne samanhengen er om nokre grupper er meir påverkelege enn andre og korleis media påverkar folk, seier Nordø, og peikar mellom anna på spørsmålet om oljeutvinning i Lofoten og Vesterålen.
– Når det gjeld akkurat det spørsmålet er svara svært stabile, trass i varierende mediefokus i løpet av perioden eg studerer. Halvparten av dei spurte meiner at me ikkje bør tillata olje- og gassutvinning i dette området.
Meiner oljearbeidarar noko anna?
Dataa kan brytast ned. Endre Tvinnereim er forskar II ved Uni Rokkansenteret og leiar klima- og miljøgruppa i Medborgarpanelet saman med Nordø. Han har mellom anna sett på kva oljearbeidarar meiner om klimaendringar.
– Det ser ut til å vera ei generelt lågare uro knytt til klimaendringar hos denne gruppa, men samstundes godtek dei at klimaendringane er menneskeskapte, seier Tvinnereim.
Han seier at det òg er ein skilnad i kva teknologi tilsette i oljebransjen seier at dei støttar – kanskje fordi dei har meir kunnskap om dette enn andre.
– Og så er det kanskje slik at det denne gruppa ikkje kryssar av på, vil kunne ramma nettopp oljebransjen, seier Gisle Andersen.
Han har nyleg levert doktorgrad i sosiologi. Der såg han på korleis vedtak om miljø og petroleumsspørsmål har vorte grunngitt i stortingsdebattar, og korleis desse grunngivingane har endra seg over tid. I tillegg har han hatt eit «sideprosjekt» der han har brukt data frå Medborgarpanelet til å sjå på korleis folket sine haldningar til miljøspørsmål har endra seg over tid, mellom anna ved å gjenta spørsmål som vart stilt første gong i 1995.
– Vert sveitt
Dei tre forskarane er tydelege på at data frå Medborgarpanelet og høvet dei har til å koma med innspel til eigne spørsmål betyr mykje.
– Sjølvsagt hadde det vore mogleg å gjera studiene våre utan slike data. Men det hadde vore mykje dyrare, og me hadde risikert å få dårlegare kvalitet på undersøkinga, seier Andersen.
– Kor representativ er gruppa?
– Eit representativt utval av det norske folket har fått tilbod om å delta, men som i alle undersøkingar er det skeivheiter i kven som vel å ta del. Det er mellom anna litt færre unge menn og eldre kvinner som svarar, medan høgt utdanna personer er overrepresenterte. Dette må ein ta omsyn til når ein vurderer kva ein kan seia noko om, seier Andersen.
Og sjølv om dataa kan brytast ned ganske mykje, går det definitivt ei grense.
– Eg vert litt sveitt dersom eg har under hundre svar. Har eg under 35, vil eg ikkje bruka det, seier Tvinnereim.
Forskarane prøver mellom anna å finna ut av om medborgarane skil mellom klima og luftureining, og dei spør om korleis deltakarane ser føre seg sektoren om 20-30 år. Bør sektoren då veksa eller vera avvikla?
– Her er det òg interessant å studera kor godt samsvar det er mellom det partitilhengarar sine haldningar og den politikken som partitoppane forfektar, seier Nordø.
Må publisera før andre tek det
Dataa frå Medborgerpanelet er opne. Det betyr at forskarane må hiva seg rundt.
– Me må publisera det me har, viss ikkje kan det vera andre som tek det, seier Tvinnereim.
Han har tidlegare fått publisert ein artikkel i prestisjetunge Nature, saman med franskprofessor Kjersti Fløttum, med utgangspunkt i data frå Medborgerpanelet.
Forskarane som nyttar data frå panelet har ulik bakgrunn. Her finst lingvistar og statsvitarar, psykologar og forskarar frå dei aller fleste faga ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Nokre gongar vert òg same spørsmålssett brukt i andre land.
– Og når me har tekniske spørsmål sender me dei til Bjerknessenteret for å dobbeltsjekka, humrar Tvinnereim.