Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
MIT-forskar Richard Lindzen har sjølv med vore og skrive IPCC-rapportar. Men han trur likevel FNs klimapanel bommar stort.
– Dei som snakkar om klimaendringar kan ofte ikkje dei enklaste likningar for klimaendringar, sukkar Richard Lindzen. Han er professor emeritus i meteorologi frå verdskjende Massachusetts Institute of Technology (MIT), og har mellom anna vore med på å skrive rapportar for FNs klimapanel, IPCC.
Førre veke var han i Bergen som gjest hos Norsk Kjemisk Selskap, og heldt foredrag om sitt syn på menneskeskapte klimaendringar. Lindzen er einig i at det finst menneskeskapte klimaendringar, men trur variasjonen vil bli i det nedre sjiktet av anslaga. Dette meiner han og at hans eiga forsking viser.
Difor meiner Lindzen at mange andre forskarar driv på med alarmisme når det gjeld klimaet, til dømes ved å hevde at det blir meir ekstremver om klimaet blir varmare.
– Ueinigheiten ligg i om det er ei katastrofe på veg. Eg tviler på at sensitiviteten til klimasystemet er stor nok til at vi får noko katastrofe, seier Lindzen til På Høyden. Sjå intervjuet med forskaren og innvendingane til Tor Eldevik ved Bjerknessenteret i videoen.