Sara van der Moer er ein av demonstrantane frå Extinction rebellion som demonstrerte under opninga av Universitetsmuseet nyleg. Foto: Tor Farstad

UiB-undersøking: Ni av ti vil endre vanar for å redde klimaet

Langt fleire på universitetet seier dei er villige til å endre vanane sine enn i befolkninga generelt. I dag blir det klimadebatt på Universitetet i Bergen. Sjå debatten direkte frå 12.00.

Publisert Sist oppdatert

Dei aller fleste både studentar og tilsette uttrykker sterk vilje til å gjere endringar i måten dei lever på av omsyn til klimaet, skal ein tru svara i ei undersøking som blir lagt fram fredag.

(Saka fortsetter under streaming av debatt fra klokken 12.00)

I undersøkinga er vel 900 tilsette og rundt 700 studentar stilte spørsmål om handlingar dei har eller er villige til å gjennomføre eller endre på i kvardagen. 9 av 10 både blant studentar og tilsette svarer at dei i ganske stor eller svært stor grad er villige til å endre vanane sine av omsyn til klimaet.

I ei tilsvarande undersøking som er gjort parallelt i eit utval av befolkning svarer 6 av 10 at dei er klare for å endre vanar i stor grad.

På klimadebatten på Det akademiske kvarter i Bergen i dag er tema korleis UiB skal nå sine mål om kutt i CO2-utslepp. I løpet av dei neste ti åra må dei ned med 89 prosent.

Det kjem til å bety smertelege kutt - både i reiser, innkjøp, bygg og arealbruk. Forslaget til nye retningslinjer for reising for tilsette ved UiB er nyleg lagt fram og skal opp på UiB-styrets møte i november.

Kvinner vil mest

Den generelle befolkningsundersøkinga viser også at kvinner er vesentleg meir interessert i å legge om livsstilen av omsyn til klimaet enn menn: 7 av 10 (69 prosent) kvinner svarer at dei er villige til å endre vanane sine, 54 prosent av mennene svarar det same.

Utdanningsnivå ser ut til å ha stor betydning for svara folk gir: Medan knapt halvparten av dei spurte med grunnskule vil endre vanar i ganske stor eller svært stor grad, er talet 70 prosent i den generelle undersøkinga.

Tilsette ved Universitetet i Bergen kan dermed sjå ut til å vere langt meir endringsvillige enn dei med høgare utdanning generelt – sidan 9 av 10 altså har svar at dei er klare for å gjere endringar.

Studentar og tilsette på Universitetet i Bergen stiller omtrent likt når det gjeld svar om endringsvilje. I befolkninga generelt er dei yngste under 30 år i størst grad villige til å endre vanane sine: 20 prosent av dei under 30 er «i svært stor grad» klare for dette, medan talet er 12 prosent for dei over 60 år.

Unngår flyreiser

Undersøkinga på UiB viser derimot skilnader på studentar og tilsette på fleire andre spørsmål:

Fleire tilsette enn studentar seier dei har unngått flyreiser siste året – noko som sjølvsagt kan ha samanheng med tilsette flyg meir i utgangspunktet.

Førsteamanuensis ved UiB, Endre Tvinnereim, som forskar på miljøreguleringar, meiningar og miljøtiltak er forsiktig med å tolke tala i undersøkinga.

— Eg trur likevel dette er eit uttrykk for at universitetsfolk tar klimaproblema på det djupaste alvor og synest det er viktig å gjere noko med, seier Tvinnereim.

Heilt generelt opplever han at det er ei haldningsendring på gang i befolkninga.

— Før var det kult å legg ut ei oppdatering frå reiser, «no mellomlandar eg i Qatar». Det har vist status og at ein er viktig i ein forstand. No ser eg ikkje mange av dei oppdateringane lenger. Dette treng jo ikkje bety at folk flyr så mykje mindre, men det er i alle fall ikkje så kult lenger å fortelje om at ein besøker ein ny by kvar dag, seier Tvinnereim.

Powered by Labrador CMS