UiB blir med i eit nettverk som skal få ned klimautslepp i eiga verksemd. I Agder har ordninga vore ein suksess. Foto: Hilde Kristin Strand

UiB blir klimapartnar

Publisert

UiB blir med i Klimapartnarar Hordaland. Målet er å få ned eigne utslepp.

Nettverket er ein møtestad for private og offentlege verksemder som ønskjer å redusere klimautsleppa sine, der dei kan jobbe saman og dele erfaringar med å kutte utslepp. 

– Dette er ein metodikk som har vore prøvd ut i Agder i fleire år. erfaringane viser at dei som har vore med har opplevd betydelege utsleppskutt. Grunnen er at ein jobbar systematisk med dette når ein er med i nettverket, seier Paarup Michelsen

Klimapartnere i Agder starta opp i 2008, og kan vise til 32 prosents reduksjon av CO2-utslepp for dei verksemdene som har vore med lengst.

Norsk klimastiftelse er drivkraft bak nettverket, og målet er å støtte opp om nye forretningsidear, som kanskje kan ende i nye produkt og tenester innan utsleppskutt. 

– Det som er spanande med nettverket er at ein har har med både offentlege og private verksemder på kryss av bransje og sektor. det offentlege har stor innkjøpskraft, slik kan arbeidet påverke kommune og fylkeskommune til å finne produkt som er klimavennlege, seier Lars Henrik Paarup Michelsen. 

Klimapartnere Hordaland

Disse er med i samarbeidet: 

Asplan Viak, Atea, Auto 23, Bergen Energi, Bergen Kommune, BIR, BKK, Emisoft, Fylkesmannen i Hordaland, Helse Bergen, Hordaland Fylkeskommune, Grand Hotel Terminus, Sparebanken Vest og Universitetet i Bergen.

Offisiell åpning er onsdag 4. juni 2014, og de 14 virksomhetene representerer over 35 000 ansatte. 

Nettverket i Hordaland blir det største privat-offentlige nettverket for systematisk klimasamarbeid, mener organisasjonen.

Powered by Labrador CMS