Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Etter fleire års debatt og mot viljen til dei tilsette og direktøren har styret vedtatt å flytte Nansensenteret til Geofysen.
– Styret har diskutert saka, og vil gå i forhandlingar med Universitetet i Bergen om muleg flytting til austfløyen av Geofysen, seier Knut Fægri, som er styreleiar for Nansensenteret.
Saka har vore diskutert i styret fleire gonger dei siste to åra. Men på styremøtet i går blei det endeleg vedtatt.
– Det har vore ei vanskeleg sak for styret, men diskusjonen på møtet i dag var bra, og vi har ei god kjensle over å ha kome fram til eit vedtak, seier han til På Høyden.
Hovudargumentet for flytting har vore å styrke arbeidet med klimaforsking, både på senteret og i Bergen. Dersom flyttinga går i orden vil forskarane sitte tett på kollegaar både på Geofysisk institutt i midtfløyen og på Uni Research Klima, som nyleg har flytta inn på Bjerknessenteret i vestfløyen.
– Argumenta mot har vore kva flytting har å seie for å halde på identiteten og merkevara til Nansensenteret, samt konsekvensen for andre forskingsmiljø enn klimaforsking, seier Fægri.
Det er altså berre tingingar senteret no skal ha med UiB, men universitetet har lenge ønska forskarane på senteret endå tettare.
Både pris og om det nok plass til meir enn 80 tilsette, må avklarast før senteret kan gå vidare i flytteprosessen.
– Det er òg ein føresetnad for vedtaket at dette ikkje er ein del av ein fusjonsprosess, seier Fægri.
Det blir lagt planar om utbygging på Marineholmen, som er sentral i oppbygging av ei marin kunnskapsklynge i Bergen. Det gamle administrasjonsbygget til verftet Mjellen & Karlsen, der Nansensenteret held til i dag, kan uansett fort ende opp med å bli rive.
– Vi må sannsynlegvis ut frå bygget der vi held til likevel. Det byrjar å bli trongt her borte.
Dersom alt går i orden kan det bli flytting i 2019.
Morten Wergeland Hansen er styrerepresentant for dei tilsette ved Nansensenteret, og stemte nei til flytting.
– Ved å flytte dit blir vi ein del av klimaklynga til UiB. Då vil vi bli sett på som nettopp det, men vi driv med fleire ting enn klimaforsking, slik som fjernmåling med satelitt, undervannsakustikk og utvikling av hav- og ismodellar. Ved å kople observasjonar og modellar gjennom dataassimilering utvikler vi havvarslingssystem til bruk innan operasjonel oseanografi. Dette siste er kanskje den største aktiviteten vi har for augneblinken, seier Hansen.
– Det går sjølvsagt an å få til positive ting i austfløyen òg, men vi fryktar at vi blir mindre synlege. Og så vil vi bli spreidde over fire etasjar, mens vi no er fordelt på to. Truleg hadde det gått an å komme inn i eit heilt nytt bygg her på Marineholmen òg, seier Hansen.
Også direktøren ved Nansensenteret, Sebastian H. Mernild, er imot flytting.
– Vårt råd var at vi gjerne ville bli her, og det hadde støtte frå både fagforeining og arbeidsmiljøutval. Hovudargumentet vårt er at vi ikkje berre er eit klimasenter, fortel Mernild.
Berre kring ein tredjedel av dei tilsette ved Nansensenteret jobbar med klimaforsking.
– Som organisasjon har vi ei svært sterk merkevare, og fleire bein å stå på. Når vi flyttar opp i austfløyen blir det meir fokus på klima, og då må vi framheve våre andre merkesaker endå kraftigare for å ta vare på vår styrke inn mot marin forsking og tenesteutvikling, seier han til På Høyden.
Men direktøren forsikrar at senteret no sjølvsagt vil jobbe for å gjennomføre det styret har vedtatt.
Her, i austfløyen til Geofysen, kan Nansensenteret ende opp. Foto: Dag Hellesund