Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det er eit svik mot samfunnet å ikkje ta tak i den forskinga som vert gjort og sette henne ut i verda, seier Anders Haugland i Bergen Teknologioverføring (BTO). Kvifor skal det vere så vanskeleg å flytte klimaforsking ut i næringslivet?
Bergen har eit av verdas leiande klimaforskingsmiljø arbeidande i eigen bakgard. Men klarer næringslivet i byen og regionen å utnytte dette på ein god måte? Tysdag heldt Bergen Næringsråd frukostmøte for å diskutere kva Bergen og Vestlandet skal leve av når oljen og gassen tek slutt. Vestlandet som motor Han hevda Vestlandet står i fare for å øydelegge for seg sjølv dersom regionen ikkje dreiar aktiviteten i forskinga og næringsutviklinga over på nye energikjelder. Han oppmoda Bergen og Vestlandet om å skjerpe evna til omstilling. – Vestlandet er motoren i olje-utvinninga. Men vi må også klare å verte motoren for omstillinga som må komme. Vi må vere best og vi må vere framsynte, sa Audun Lysbakken. Brenn for Bjerknessenteret Lysbakken fortalte at han eit personleg har eit sterkt personleg og politisk engasjement for klimaforskingsmiljøet ved Bjerknessenteret. – Løft opp spegelen Bergen Teknologioverføring hjelper åtte forskingsinstitusjonar i Bergen med å kommersialisere det vitskapelege arbeidet som vert gjort. I alt 4000 forskarar er på ulikt vis tilknytta BTO. Til saman forvaltar dei 4 milliardar kroner. – Offentlege aktørar og næringsliv må ha tru på å arbeide saman. Men vi treng gode rammevilkår. Politikarane og byråkratane kan berre løfte opp ein spegel, så vil dei sjå kven som har ansvaret for dét, sa Anders Haugland. Dekan og rektorkandidat Dag Rune Olsen var også til stades. Han tok orde for å påpeike at samarbeid, det vere seg i ei mogleg klimaklynge eller via lausare forbindelsar, bør skje systematisk. – Grunnforskarar, næringsliv og instituttsektor må eksponerast for kvarandre dersom det skal oppstå søt musikk. Samarbeid kjem ikkje av seg sjølv. Vi i akademia skal sjølve ta ansvar for å skape idear til samarbeid og arenaer det samarbeid kan skje. Men politikarane må legge til rette. Audun Lysbakken (SV), Arne Sivert Svindland, direktør i Uni Research, dekan Dag Rune Olsen og direktør ved Bjerknessenteret, Eystein Jansen, tok del diskusjonen om korleis ein kan skape nye næringar i Bergen. (Foto: Ida Bergstrøm)
Audun Lysbakken, partileiar i SV, gjesta også heimbyen Bergen for å delta på arrangementet.
– Olje- og gassnæringa har hatt svært gode vilkår på Vestlandet. Vi vil snart måtte starte med å flytte ressursar frå det vi har levd av over til det vi skal leve i morgon. Vi skal ta ansvar politisk, så får næringslivet ta ansvar og sjå moglegheitene som ligg i dei store forskingsmiljøa i Bergen.
– Vi må utvikle prosessar, tenester og forretningsmodellar for å endre måten folk påverkar klima og miljø på. Dette er verkelegheita vi lever i, sa Anders Haugland, daglig leiar i Bergen Teknologioverføring (BTO).