Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
For to år sidan fekk Brian Chase ERC-grant for hans forsking på vegetasjon og klima. Med stipendet har han gjort revolusjonerande klimafunn frå fossilt grevlingurin i det sørlege Afrika.
Professor Brian Chase jobbar til dagleg ved Universitetet i Montpellier i Frankrike, men han held framleis ei professor II-stilling ved UiB. Då han nyleg var i Bergen fortalde han om korleis nye funn frå fossil klippegrevlingurin har revolusjonert forståinga vår av miljøendring i Sør-Afrika. Urin-arkiv – Frå klippegrevlingen får vi altså svaret på det vi lurar på frå den same staden, det same materialet og frå den same prøva, fortel han. Nye funn Kvantesteg – Nivået på detaljane vi kan skildre klimaendringar sjølvstendig frå vegetasjonsendringar og vice versa, og utforske korleis det eine påverkar det andre, har no verkeleg teke eit kvantesteg, seier Chase. Chase held fram at forskinga ikkje ville ha vore mogleg utan ERC-stipendet, som han kallar ei gåve frå Gud. – Stipendet gjer det mogeleg å tilsette fleire hender og å berre halde fram med arbeidet utan å heile tida måtte uroe oss for kostnadane, seier Chase. Klimamodellane må justerast – Sjølv om det kan verke irriterande for oss no at funna våre ikkje stemmer overeins med dei tidlegare modellane, kan det at vi må justere modellane potensielt vere heilt avgjerande når vi skal finne ut om klimaendringar i framtida, seier Chase. Hyller klippegrevlingen Planen framover for Chase er å fullføre prosjektet på alle tørkeområda i det sørlege Afrika, for å kunne stadfeste det informasjonen dei til no har henta. Elles utarbeidar forskerane planar for prosjekt i Midtausten, men det avhenger noko på den politiske situasjonen der.
I forsteina haugar av fossil grevlingurin har Chase og forskarteamet hans teke i bruk eit heilt nytt arkiv for klima- og vegetasjonsforsking. Frå andre arkiv, som til dømes pollen, kan ein finne tre til fire kjerneprøver som gir varierande verdi. Desse må også samanliknast med andre nærliggande og komplimentære arkiv. I klippegrevlingurin-arkivet finn ein alle desse prøvene frå ein og same stad, i tillegg til fleire andre som til dømes DNA, fortel Chase.
Basert på data frå klippegrevlingurinen har Chase og forskarteamet hans no identifisert ein heilt klar tørkeperiode i den holocene perioden. Denne viktige klimaendringa kjem tydeleg fram frå isotopane i den fossile klippegrevlingurinen, men hendinga kan ikkje sporast i det heile teke når ein analyserer materiale frå pollen.
Artikkelen held fram under biletet.
– Det er ei viktig inspirasjonskjelde for oss at forskinga vi gjer faktisk speler ei rolle med høve til forståinga og tolkinga av framtidsutsiktene for klimaet, seier Brian Chase. (Foto: Privat).
Svært lite forsking har tidlegare blitt gjort på klima- og vegetasjonen i det sørlege Afrika, fordi ein her ikkje har tilgang på dei same arkiva ein forskar på i nordlegare områder. Med klippegrevlingurin-arkivet er denne situasjonen snudd på hovudet.
Klimamodellane vi har i dag spår at det vil bli tørrare, men dette passar ikkje for det sørlege Afrika. Basert på funna Chase og teamet hans har gjort er den logiske spådommen for klimaendringane i framtida at det vil bli fuktigare når det blir varmare.
– Vi skulle ha hatt klippegrevling overalt. Dei gir simpelten det beste arkivet. Kvaliteten og mangfaldet informasjonen gir er verkeleg heilt utruleg, seier Chase.