Sjå korleis nybygget på Møllendal er teke i bruk

Publisert

Dagen før den høgtidelege nøkkelseremonien, er nybygget på Møllendal allereie fylt av kunst.

– Skoa? Nei, dei vart nok kasta.

Arve Håland humrar. I mange, mange år hadde han arbeidsstaden sin i Strømgaten, med eit lite kontor innanfor den store salen. Der hadde han mellom anna lagra skoa han brukte som kunstnar. Den opphavelege fargen var det ikkje mykje att av.

– Eg måtte ta ei grovoprydding, men ein del har eg teke med meg opp hit, seier universitetslektor Håland, no plassert på toppen i det nye bygget i Møllendalsvegen.

Stangar hovudet i veggen
Ikkje er det KHiB lenger. Og ikkje er det heilt KMD (Fakultetet for kunst, musikk og design) heller, for m-en manglar. Musikkinstituttet, altså Griegakademiet, held framleis til delvis på Nygård skole og delvis på andre adresser i sentrum. Men resten av Fakultet for kunst, musikk og design er flytta inn i det Snøhetta-teikna bygget i Møllendalsvegen.

– Me kallar det berre nybygget, smiler prodekan Anne-Helen Mydland.

Uansett namn: Onsdag er det høgtideleg nøkkelseremoni, og allereie i dag er det open dag for UiB-tilsette.

– Det er eit eineståande bygg, slær dekan Frode Thorsen fast.

Framleis stangar ein innimellom hovudet i ein vegg som ikkje skulle vore der

– Men det er òg store utfordringar knytt til å flytta inn i eit nytt bygg. Verkstadane har ikkje vore oppe og gått før no, og studentane får heilt andre arbeidsplassar enn dei er vane med. Det er òg slik at arbeidsformer er påverka av bygg – arealet betyr mykje for det fysiske arbeidet.

Nokre av studentane jobbar i gamle KHiB sine gamle lokale. Det kan dei gjera fram til mars. Førebels er det berre prøvedrift i dei nye lokala.

– Framleis stangar ein innimellom hovudet i ein vegg som ikkje skulle vore der, humrar Thorsen.

Han må vidare. Bysyklane og campusbussen er ofte i bruk. Slik vert det når resten av både fakultetet og universitetet ligg eit stykke unna, og dekanen er tydeleg på at han dagleg møter utfordringar på eit fakultet som ikkje er samla. Men om nokre år er håpet at Griegakademiet har fått plass på nabotomta, og allereie no vert det jobba med å laga både møteplassar og tverrfaglege prosjekt med deltakarar frå alle tre institutta.

Går seg framleis vill
– Eg sit her og jobbar med ein søknad. No kan eg jo berre tusla ned til administrasjonen i andre etasje og få hjelp til det eg lurer på, seier professor Johan Sandborg nøgd.

Det tek litt tid før ein sluttar å gå seg vill

Han sit i studioet sitt i fjerde etasje. Her er det arbeidsplassar både for studentar og tilsette.

– Det er høgt under taket her, smiler Sandborg og peikar oppover.

Det lyse kontoret har vindauge på toppen.

– Og det er ein annan nærleik til kollegaer og studentar enn eg har vore van med. Men det tek litt tid før ein sluttar å gå seg vill.

– Studioa her er forskingsstudio. Her jobbar dei tilsette med sitt eige kunstnariske utviklingsarbeid, så dei må ha plass, seier Mydland.

Studentane har òg sine eigne plassar. Mydland seier at studentarbeidsplassane er noko av det som har vore mest utfordrande i nybygget. Nokre studentar jobbar med svært plasskrevjande ting, andre jobbar i langt mindre skala.

– Alle må få plass, men samstundes kan dei ikkje få for stor plass.

– Ja!
– Ja, svarar Mydland tydeleg på spørsmål om det har vore ein stor jobb å flytta.

Ho har vist veg gjennom verkstader med store maskiner, eit eige rom for glassering av keramikk, rom med store vevar og lager for materiale i alle fargar. Vidare finn ein to black boxar, den eine i tilknytting til auditoriet, bibliotek med aktuell forskingslitteratur og Rom61, forskingsgalleriet. Det erstattar Rom8 i Vaskerelven.

– Dei tilsette har pakka ned og pakka ut. Mykje har skjedd på dugnad, og særleg verksmeistrane har gjort ein formidabel jobb.

Kristian Skjold er ein av dei. Dei siste maskinene i trearbeidsverkstaden vert kopla på plass i desse dagar. Så ventar HMS-kurs før studentane får sleppa laus.

– Det er kortlesarar på alle maskinene, så me gir tilgang etter kva kurs dei har hatt. Maskinverkstaden er stengt etter vanleg arbeidstid, her får ikkje studentane jobba utan tilsyn. Men sjølve verkstadsområda er opne, seier Skjold.

Studentane har allereie teke i bruk inngangspartiet som arena for kunst. Etterkvart vil òg det offentlege rommet utanfor verta brukt.

– Uteareal som kunne brukast på denne måten hadde me ikkje før, seier Mydland.

Vil vera kafé for nærområdet
– Don’t break the art!

Prodekan ser ein augneblink litt stressa ut. To studentar er i ferd med å bera eit svært stativ ned trappa. Om dei ikkje kunne gått rundt bygget ute?

I trapperommet heng nemleg verket «Ephemeral, a permanent collection». Det er rett og slett skisser over tidlegare alumni ved KHiB og dei institusjonane som vart ein del av KHiB sitt arbeid – tjue år attende i tid.

I andre etasje finn ein to rom som fyller to viktige funksjonar: Kafeen og den store kunsthallen.

– Gamle KHiB brukte jo seks ulike bygg, så me har aldri hatt ei felles kantine. Her et alle saman. Mange av studentane våre er veganar eller vegetarianarar, og her skal alle få eit tilbod. Målet er å vera eit positivt tilskot til nærmiljøet òg, seier Mydland, og nikkar med hovudet mot eit langbord der nokre KHiB-pensjonistar har slege seg ned. Utanfor er det nokre som nyt varme strålar frå haustsola medan dei et lunsj.

Inne i den store hallen er det allereie nokre kunstverk på plass. Her kan ein booka plass, studentar og tilsette side om side. Store kunstverk kan løftast direkte opp hit ved hjelp av ein stor krane. I golvet er det nokre kikkehol der ein kan sjå ned til verkstadane. Slik får desse rikeleg med lys.

–Eg har høgdeskrekk, grøssar prodekan Mydland og ler litt.

Forseinka
Professor Sandborg sat tidlegare i leiinga for KHiB, og var viktig i det tidlege arbeidet med å få nybygget på plass. Historia om Snøhetta sitt bygg på Møllendal er lang.

– Det er verksemda Scenario som har hatt ansvaret for interiøret. Dei var opptekne av å få med fagstaben. På eit tidspunkt trur eg nesten alle tilsette sat i eit eller anna utval, seier han.

No er ein på plass. I eit noko mindre bygg enn det som først var tenkt, og nokre år forseinka.

– UiB har veldig godt av å få eit nytt fakultet. Det må du skriva, seier fakultetsdirektør Synnøve Myhre smilande i det ho går forbi.

Og i dag er det altså open dag for UiB-tilsette i nybygget, og i morgon offisiell opning. 

Powered by Labrador CMS