Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gjesteleilegheitene i Knut Fægris hus står ikkje lenger tomme. Og dei tilsette i SiB føler seg tryggare på jobb.
Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) held til i det gule funkishuset i Villaveien 10. UiB sin representasjonsbustad, Knut Fægris hus, ligg i Villaveien 9 og 10. Som nærmaste naboar til rusmiljøet i Nygårdsparken har området rundt bygga vore forsøpla med sprøyter, boss og blodig avfall.
– Sjokkert
Situasjonen toppa seg i fjor haust, og i oktober slo verneombod og hovudverneombod ved UiB alarm.
– Både Knut Fægris hus og Villaveien 10 ein del av Nygårdsparken, seier administredande direktør Per Kristian Knutsen.
Han starta i stillinga ved SiB våren 2013, og meiner situasjonen har endra seg det siste året.
– Din forgjengar, Egil T. Pedersen, starta kvar arbeidsdag med å koste trappa fri for sprøyter og blodig avfall. Har du sett deg nøydd til å gjere det same?
– Det var ganske ille då eg begynte. Då var eg litt sjokkert, for å vere ærleg. Det var både blodspor, sprøyter og avfall frå dei narkomane. Men etter at gjerdet kom opp, har dette endra seg. I dag er det unntaksvis at vi ser slikt, seier Per Kristian Knutsen til På Høyden.
Redde for å forstyrre rusmisbrukarane
Tidlegare fortalde tilsette i SiB at dei var engstelege for å gå frå kontoret etter vanleg arbeidstid, og at dei frykta å uroe rusmisbrukarar som sat på trappa til Villaveien 10.
– Eg har sjølv opplevd å måtte skyve på folk som sit utanfor med ryggen til utgangsdøra. Men etter at gjerdet kom opp, har eg knapt opplevd det, seier Per Kristian Knutsen.
Han har hatt god dialog med kommunen, som har sett opp igjen gjerdet kvar gong det har blitt rive ned.
– Det blei rive ned fire gonger. No kan vi håpe at det får stå, seier Per Kristian Knutsen.
Gjesteforskarar bad om eskorte
Også Knut Fægris hus vert opplevd som tryggare. Her er det to leilegheiter for gjestande forskarar.
Gjestebustadane ligg i andre etasje i Knut Fægris hus, tett inntil Nygårdsparken. Dette er møblerte leiligheiter som kan leigast av gjesteforskarar og andre som skal arbeide midlertidig ved UiB.
I lange periodar har desse stått tomme. Ingen har våga booke dei lyse toromsleilegheitene med utsikt mot Nygårdsparken og Olaf Ryes vei.
Kvar månad leilegheitene sto tomme, tapte UiB 16 000 kroner. På eit år utgjer dette 192 000 kroner.
På Høyden er kjend med at enkelte av bebuarane i gjestehusværa har vore svært redde for å gå heim aleine på kveldstid. Nokre har opplevd det som så utrygt at dei har bede om å bli møtt av UiB sine vakter ved hovudinngangen til Studentsenteret slik at dei kan få følgje heim. Andre har blitt skremde, og flytta ut like raskt som dei flytta inn.
Fullt belegg i gjestebustadane
Men også i Knut Fægris hus er det betring, fortel Randi Higraff, konsulent ved Eigendomsavdelinga .
– Vi har fått tilbakemeldingar på at dette går greitt. Det bur folk i begge leilegheitene, og vi har ikkje fått nokon klagar. Dei som bur der har ikkje gitt uttrykk for at dei er redde, seier Randi Higraff.
Gjesteforskarane som held til i andre etasje i Knut Fægris hus har budd der i over ein lengre periode, fortel ho.
– Dei verkar fornøgde. Og når dei skal flytte, har eg fleire på lista som gjerne vil bu der, seier Randi Higraff til På Høyden.
Les også: 25. august stenger parken for oppussing. Her er visjonane for den nye Nygårdsparken.
Riktig å gje politiet ressursar
Eigendomsdirektør Even Berge og overingeniør Tore Reigstad trur gjerdet som skil Villaveien frå Nygårdsparken har hatt ein svært positiv effekt.
– Gjerdet har endra trafikkmønsteret i området. Det er utruleg at ikkje gjerdet kom opp tidlegare, sier Per Kristian Knutsen.
SiB-direktøren er positiv til den varsla stenginga av Nygårdsparken.
– Alle lurer vel på kvar rusmisbrukarane vil bli av, men eg trur ikkje dei vil trekke inn i Villaveien igjen, sier Per Kristian Knutsen.
– Eg meiner at det er riktig å rydde opp. Ikkje minst er det riktig at politiet har fått ressursar til å rydde opp, slik ein har gjort i Oslo. Så det kan vere lys i tunellen.