Tidlegare har rydding i dette området kosta UiB millionar. Foto: Ingvild Festervoll Melien

– Vi har klødd oss litt i hovudet og spurt oss om det er sant

– Mindre tagging. Mindre forsøpling. Færre innbrot. Mindre bråk.
Slik oppsummerer eigendomsdirektør Even Berge dagens situasjon rundt Flagghøgda på Nygårdsparken. 

– Mindre tagging. Mindre forsøpling. Færre innbrot. Mindre bråk.
Slik oppsummerer eigendomsdirektør Even Berge dagens situasjon rundt Flagghøgda på Nygårdsparken. 

Ved inngangen til Nygårdsparken ligg UiB sin representasjonsbustad, Knut Fægris hus. Her har inngangspartiet tidlegare blitt skjemma av sprøyter, avfall og tagging. I august i fjor opplyste Even Berge at det kosta UiB mellom to og tre millionar kroner i året å halde området rundt Villaveien fritt for etterlatenskapar frå rusmiljøet i parken.

I periodar har trappa vore tilhaldsstad for rusmisbrukarar. Dette har skremt tilsette ved UiB frå å gå inn i huset.

Den siste tida har eit gjerde sperra for fri vandring mellom Nygårdsparken og Villaveien. Even Berge trur dette er noko av forklaringa på kvifor det har blitt rolegare i Villaveien.

Færre innbrot
Overingeniør Tore Reigstad stadfestar at det har vore færre innbrot i UiB sine lokale den siste tida.

Natt til måndag i førre veke tok ubedne gjestar seg inn på Kvarteret. Utbyttet var nokre flasker sprit. Dette var det første på lang tid. 

– Dette er veldig rart. I januar var det 12 innbrot i Allegaten 55. Plutseleg stoppa det opp, og det blei heilt roleg. Vi har klødd oss litt i hovudet og spurt oss om det er sant, seier Tore Reigstad. 

Ingen gjennomgang
– Naboane har pressa på, og kommunen har sett opp igjen gjerdet som har blitt rive ned. Trafikken går no andre vegar, seier Even Berge.

Even Berge trur også at det auka trykket frå kommunen og politiet kan bidratt positivt.

– Dei tiltaka som har blitt sett inn for å hjelpe personane som frekventerer parken ser òg ut til å ha virka, seier Even Berge.

Også Tore Reigstad er svært nøgd med at gjerdet no skjermar Villaveien mot Nygårdsparken.

– Det er fantastisk. Det har blitt atskilleg rolegare. Dette er også tilbakemeldinga frå vektarane, seier han.

Tre månader til stenging
Etter sommaren blir heile området rundt Flagghøgda stengt. Planen er å ruste opp området.

Nygårdsparken har fungert som både eit utandørs brukarrom og ein utsalsstad for medikament og narkotika. Byråd Dag-Inge Ulstein har signalisert at ein enkel flytting av denne aktiviteten til nedre del av parken er uaktuelt. 

Tore Reigstad trur den endelege stenginga av parken vil verke positivt for tilsette og studentar ved UiB.

– Spørsmålet blir kvar dei nye salsstadane no vil bli. Eg trur det vil bli flytta til området rundt bybanestoppet ved Marineholmen, området rundt Realfagbygget, Museumshagen og Jekteviksbakken. Rusmiddelbruk er eit typisk sentrumsproblem som eg trur vil flytte seg på begge sider av Nygårdshøyden.

Mai, 2014. I dag framstår inngangspartiet som nymåla, og fritt for sprøyter, søppel og sneipar. (Foto: Ingvild Festervoll Melien)

Slik kunne inngangspartiet til UiB sin representasjonsbustad sjå ut ein måndags morgon i august 2013. (Arkivfoto: Bjarne Isager/Eigendomsavdelinga)

 

 

 

 

 

 

Nygårdsparken:

  • Det er mellom 1500 og 2000 sprøytenarkomane i Bergen.
  • Den øvre delen av Nygårdsparken rundt Flagghøgda har vore ein mykje brukt stad for omsetjing og bruk av narkotiske stoff.
  • Fleire av eigendomane til Universitetet i Bergen og Studentsamskipnaden i Bergen ligg svært nær Nygårdsparken.
  • I samarbeid med politiet og Helse Bergen har kommunen laga ein handlingsplan for å fjerne dei opne russcenene.
  • Byråd Dag Inge Ulstein varsla i september 2013 at øvre del av Nygårdsparken skal stengast 1. juli 2014 for rehabilitering. Datoen vart seinare flytta til 25. august 2014.
  • Bergen kommune opnar også to nye mottaks- og oppfølgingssentre (MO-sentre) for rusmisbrukarar på Wergeland og Nesttun.
  • Våren 2014 har politiet ein stor aksjon gåande mot narkotikaseljarane i parken.
Powered by Labrador CMS