Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
No hastar det for dei som enda ikkje har nytta stemmeretten sin. Fristen for tilsette i gruppe C (teknisk-administrativt tilsette) er torsdag 21. november. For tilsette i gruppe A og B (vitskapleg tilsette) er det torsdag 28. november.
– Å bruka stemmeretten handlar om eigarskap for institusjonen. Det er vår plikt som tilsette å stemma inn dei folka vi meiner står for viktige verdiar, seier prorektor Rune Nilsen. Saman med rektor Kirsti Koch Christensen og dei to eksterne representantane Arne Skauge og Anne Lise Ryel er han ikkje på val, men skal fortsetja i det nye Kollegiet som trer saman 1.januar 2003. Når det nye Kollegiet trer saman etter nyttår er talet på UiB-tilsette i styret nær halvert. Medan 9 av 13 i dag er tilsette ved UiB, blir det i framtida 5 av 11. Dette kan bety nye koalisjonar i eit nytt “styrelandskap”.
Rune Nilsen viser til at det i fleire evalueringar av Universitetet i Bergen blir peika på at dei tilsette må ta sterkare eigarskap for institusjonen.
– Vi er framleis ein institusjon som blir styrt gjennom vald leiing. Det er ein sterk verdi, men då må vi visa at vi er verdige - ein måte å visa det er å nytta stemmeretten. Slik kan vi vera med å forma vår eigen arbeidsplass og vera med å bestemma retninga på forsking og utdanning, seier Rune Nilsen.
– Styret viktigare enn nokon gong
Brit Karin Muri sat i Kollegiet frå gruppe C, teknisk/administrativt personale, i førre periode. Muri meiner Kollegiet no endrar form til å bli eit meir strategisk organ - og at det er viktigare enn nokon gong å nytta stemmeretten.
– Det blir endå viktigare enn før å vera med i diskusjonen. Mange trur at Kollegiet vil bli mindre demokratisk når det no vert større ekstern representasjon - og at det vert vanskelegare å bli høyrt. Men det er viktig å ha i mente at dei som sit i styret representerer heile verksemda. Difor må vi velja inn personar som er i stand til å sjå heilskapen . Skal vi nå dei måla vi set oss og ha suksess i framtida som institusjon, er vi nødde til å ha ei felles forståing av kvar vegen skal gå, seier Muri som fryktar at valdeltakinga ikkje vert større i år sjølv om det er meire som står på spel. Men ho oppmodar alle til å nytta stemmeretten sin og meiner at det nye Kollegiet kan bli eit spennande organ.