Jon Håkon Øen blir myndigheitskontakt for UiB. Foto: Mona Høvset

Hareides rådgjevar til ny jobb på UiB

Publisert

KrF-leiar Knut Arild Hareides personlege rådgjevar forlét hovudstaden for å bli myndigheitskontakt for universitetsleiinga ved UiB.

Jon Håkon Øen (44) er tilsett som seniorrådgjevar ved universitetsdirektørens kontor, og skal jobba med kontakt mot myndigheiter, både regionalt og nasjonalt. Han startar i jobben 1. september. 

Bak seg har han 14 år i ulike rådgjevar-stillingar i KrF.

No skal eg prøva å påverka politikarane, i staden for å bli påverka. Det er midt i blinken

– Familien har lenge hatt lyst til å flytta vestover. Så då moglegheita kom så tok me den. Kona er frå Halsnøy. Dei seier at ein ikkje skal bli kjærast med nokon frå Sørlandet eller Vestlandet, fordi dei vil alltid heim igjen før eller sida, seier Øen til På Høyden.  

– Du har jobba for KrF i over 14 år. Korleis blir det å slutta etter så lang tid?

– Eg trur det blir bra, eg har vore her so pass lenge at det blir greitt å få gjera noko nytt. Det blir sikkert eit sakn også, men det er bra med forandring etter så langt tid.

Les også: Meiner tillit er viktig ved tilsettingar

– Midt i blinken

Øen trekk fram UiB som ein av dei mest spennande institusjonane på Vestlandet og i Bergen. 

– Det er ein stor og viktig aktør. Det er lett å jobba for det som UiB står for, og for at dei skal få best mogleg rammevilkår. Arbeidsoppgåvene vil nok vera noko i tråd med det eg jobbar med no, berre på motsett side. No skal eg prøva å påverka politikarane, i staden for å bli påverka. Det er midt i blinken, seier Øen. 

Øen er utdanna teolog, og har også ti års bakgrunn som rådgjevar i kyrkje- utdannings- og forskingskomiteen. Dei siste to åra har Øen jobba personleg for Hareide, noko han trur vil koma godt med i den nye jobben.

– Det gjer det lettare at eg har den linken. For Hareide har Hordaland vore eit viktig fokus, og det å jobba for ein partileiar gjev eit bra kontaktnett som eg kan bruka, fortel Øen. 

– Er det ting du meiner UiB kan gjera annleis i arbeidet mot myndigheitene?

– Ingenting konkret som eg kan seia no. Det blir gjort mykje bra arbeid av Rune Indrøy, han er markert og har gjort ein god jobb. Og så vil eg vil ta med meg fersk kunnskap om korleis stortinget fungerer inn i jobben. Eg veit det er store og viktig prosjekt på gang, som samlokalisering på Marineholmen. Elles blir det å jobba generelt opp mot budsjettet mellom anna.  

Les også: Disse blir nye i UiB-styret

Systematisert kontakten med myndigheitene

I september 2015 tilsette UiB dåverande kommunikasjonsdirektør i TV2, Rune Indrøy, i same stilling som Øen no trer inn i. 

– Øen skal jobba innanfor same felt som Indrøy. Me har over tid styrka dette arbeidet, og den nye stillinga blir ein del av den prosessen, i forhold til kontakt med myndigheiter, både regionalt og nasjonalt, seier assisterande universitetsdirektør, Tore Tungodden, og legg til:

– Me opplever vel at me med tilsettinga av Rune Indrøy har fått systematisert kontakten opp mot myndigheitsnivået, og ikkje minst relasjonen til dei politiske miljøa i Oslo. Men det krev meir kapasitet og systematikk viss me skal ha gjennomslagskraft. Samstundes ser me at det er aukande interesse frå dei politiske miljøa også. Me får stadig fleire førespurnadar og delegasjonsbesøk som krev oppfølging.

– Kvifor fall valet ned på Øen?

– Me opplever at han har den relevante arbeidserfaringa og dei eigenskapane som krevst i ei slik stilling, han har også eit stort nettverk som me håpar me kan dra nytte av. Me veit at han og familien ville til Bergen, og det er viktig å tenka i eit langt perspektiv i ei slik stilling, seier Tungodden (bildet).

Vanskeleg å få søkarar

Tungodden fortel at søkarlista til stillinga ikkje var veldig lang. 

– Det trur me er fordi stillinga er relativt spissa, me stiller krav om utdanning, men òg til relasjonar innanfor myndigheitskontakt. Søker me etter kommunikasjonsmedarbeidarar har me lange lister, men innan myndigheitskontakt er det ikkje slik. Me trur det er eit avgrensa rekrutteringsgrunnlag i Bergen, og få søkarar med nasjonal erfaring. Det er også kjent at det ikkje er lett å rekruttera direkte frå Oslo.

– Med denne tilsettinga vil de ha 2,6 årsverk til å jobba opp mot myndigheitene? Er det behov for så mange?

– Eg har stor forståing for det spørsmålet. Men når me samanliknar oss med dei universiteta som er naturlege å samanlikna oss med, så ser me at me har vore relativt tynt belagt. Med dei ambisjonane me har for UiB i heile breidda av våre fagmiljø - og med klyngesatsingar og andre strategiske satsingar, så er me avhengig av å jobba politisk, både med tanke på finansiering og gjennomslag opp mot myndigheitene. Det er ei god investering å styrka arbeidet med myndigheitskontakt, synest me.

– Stort potensiale

Nytilsette Øen har stor tru på at det nyttar å jobba aktivt inn mot politikarane, både nasjonalt og meir lokalt. 

– Det er eit stort potensiale. Det er mange om beinet, og mange som vil inn. Ein må gjera gode førebuingar, ikkje minst må ein har ei god sak. Det er ein kamp mellom mange som har viktige saker, og så gjelder det å gjera det på riktig måte for å nå inn. Men det er mogleg å få til.

– Eg meiner også at Oslo-miljøet har ein jobb å gjera – det er viktig at ein er open for innspel, og ikkje berre konsentrerer seg om det som skjer i Oslo, men fokuserer på resten av landet også. Og Vestlandsregionen er særdeles viktig, slår Øen fast. 

Powered by Labrador CMS