Denne veka skal universitetsstyret vedta UiB si første, samla kommunikasjonsplattform. Men ein eigen strategi har universitetet ikkje. – Uvanleg, seier BI-professor Peggy Brønn. Arkivfoto: Dag Hellesund

Kommuniserer utan strategi

Publisert

UiB har ingen kommunikasjonsstrategi, og skal denne veka vedta ei kommunikasjonsplattform. – Utan ein strategi veit ein ikkje kva ein gjer, seier BI-professor.

– Det er uvanleg å ikkje ha ein kommunikasjonsstrategi. Alle må ha det, den seier noko om kva ein kommuniserer og kven ein kommuniserer til.

Det seier Peggy Brønn, professor ved Institutt for kommunikasjon og kultur ved Handelshøyskolen BI.

Men UiB har ingen kommunikasjonsstrategi. Torsdag skal universitetsstyret vedta kommunikasjonsplattform for UiB. I saksframstillinga heiter det at «en kommunikasjonsplattform benyttes som et arbeidsredskap og en mal for UiBs enhetlige kommunikasjon, og kan slik bidra til å synliggjøre hvilke prinsipper og mål som ligger til grunn for arbeidet med kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiB».

– Denne plattforma er ei formalisering og samling, ei oversikt over dei kanalane og prinsippa me jobbar etter, seier UiB sin kommunikasjonsdirektør Ingar Myking.

Openheit, medverknad, inkludering
Myking seier at plattforma byggjer på staten sine kommunikasjonsprinsipp. Desse prinsippa er ifølgje sakspapira openheit, medverknad, inkludering og heilskapeleg kommunikasjon. I tillegg vert meiroffentlegheit peika på som viktig.

– Tidlegare har me ikkje hatt ei samla, nedskriven kommunikasjonsplattform. Me har heller ingen eigen kommunikasjonsstrategi, men UiB har ein hovudstrategi, seier Myking.

I saksframstillinga heiter det at kommunikasjonsplattforma skal reviderast saman med universitetet sin strategi. Strategiarbeidet er i gang, og etter planen skal ny strategi verta vedteken hausten 2015.

Kommunikasjonsavdelinga har ifølgje deira eigne nettsider 32 tilsette. Dei har, ifølgje sakspapira, ansvar for både å gi råd om kommunikasjons og samfunnskontakt, driva med intern og ekstern kommunikasjon, produsera materiell og video, og har ei sentral rolle i ein beredskapssituasjon.

Kven er UiB?
– Utan ein kommunikasjonsstrategi veit ein ikkje kva ein gjer, seier professor Brønn.

– Ein må ha ein gjennomgang av kven UiB er, slik at ein kan posisjonera seg mot konkurrentane. Kva er det med UiB som gjer at ein er ulik andre? Kva vil omverda høyra frå UiB? Og kva står UiB for?

Brønn ber UiB-leiinga sjå nordover, til NTNU.

– Alle kjenner namnet NTNU. Dei posisjonerer seg. Dei er medvitne i rekrutteringa og vil ha dei beste studentane, seier Brønn.

Ho seier at det er mange verksemder som tek for lett på kommunikasjon.

– Utdanningsinstitusjonane må til dømes ha ein plan for korleis dei skal få tak i pengar. Dei må ha kontakt med Stortinget, og det arbeidet må vera koordinert. Ein må ha ein plan, seier ho.

Men ifølgje Brønn er kommunikasjon svært avhengig av leiarane.

– Ein har situasjonar der ein leiar synest kommunikasjon er viktig, og brukar mykje tid og ressursar på det. Så sluttar han eller ho, og den nye leiaren er ikkje så oppteken av dette. Men kommunikasjon må vera ein tankegang som ligg i botn i verksemda, seier Brønn.

Peggy Brønn er professor i kommunikasjon og kultur ved BI. Foto: BI
– Tidlegare har me ikkje hatt ei samla kommunikasjonsplattform, seier UiB sin kommunikasjonsdirektør Ingar Myking. Arkivfoto: Ingvild Festervoll Melien
Powered by Labrador CMS