Kongar på haugen

Dekan Asbjørn Strandbakken og prodekan Berte-Elen R. Konow blir kongar på Sydneshaugen dei neste fire åra. Dei lover eit meir internasjonalt fakultet i den andre enden.

Dei to blei samrøystes valde av kollegaene ved Det juridiske fakultetet, som strengt tatt ikkje hadde noko val. På same måte som på ved dei samfunnsvitskaplege, psykologiske og humanistiske fakulteta var det berre eitt dekanlag som stilte til val på juss.

– Då eg blei vald for fire år sia var det første gong i historia at vi hadde val på fakultetet. Det har ikkje vore tradisjon her, seier Strandbakken.

Det nye dekanparet er merksame på faren for at dei må ha støtte frå dei tilsette i avgjerdene sine. Det gjeld i endå større grad på juss, der dei ikkje har institutt mellom fakultetet og den einskilde tilsette.

– Når du kjem i leiinga høyrer du ikkje det som blir sagt i gangane lenger. Difor må grunnlaget for avgjerdene vere så breitt som muleg før ei avgjerd blir tatt, seier Konow.

Tilsetjingssak for opne dører
Ei av sakene som har skapt uro på fakultetet i seinare tid var ei tilsettingssak, der to interne søkarar konkurrerte om ei førsteamanuensis-stilling. Søkaren som var innstilt på andreplass meinte at fakultetet burde ha opna for to stillingar, noko som har skjedd før, men synet fekk ikkje støtte i fakultetsstyret. Styret valde å la saka gå for opne dører, etter initiativ frå Strandbakken.

– Når det kjem så mykje kritikk mot fakultetsleiinga i ei sak, bør det få komme ut. Saka fekk heldigvis ein lukkeleg slutt, og søkjar nummer to er no tilsett ved fakultetet i ei anna stilling. Og i den grad det var grunnlag for å kritisere prosessen er det mitt ansvar, seier dekanen.

Vil internasjonalisere forskinga
Jobb nummer éin for Konow og Strandbakken vil bli å løfte forskinga som blir gjort ved fakultetet fram internasjonalt.

– Eg gler meg veldig til dette, som er hjartebarnet mitt. Vi har lenge hatt fokus på internasjonalisering i utdanninga på fakultetet. Eg har lyst til å løfte fram all den gode forskinga vi gjer internasjonalt òg, seier Konow.

– Fakultetet har eit veldig godt namn i Norden, men vi skal langt utover den nordiske krinsen. Og vi er heldige som har mykje bra vitskapleg arbeid som blir publisert internasjonalt, skyt Strandbakken inn.

Konow vil mellom anna sende stipendiatane ut på internasjonale konferansar i større grad, slik at dei både kan sjå og bli sett.

Ut i verda
– Vi satsar enormt offensivt på det internasjonale. Vi har 100 samarbeidsavtaler med andre universitet, og halvparten av studentane våre har vore på eit utanlandsopphald. Godt over 100 utlendingar studerer her til ei kvar tid. Og mens mange universitet og land stengjer for internasjonale studentar på grunn av dei dårlige tidene, skal Bergen vere ei frihamn for dei, fortel Strandbakken.

Fakultetet rettar seg særleg mot Russland, Kina og Nord-Amerika når det gjeld samarbeid. Kontakten med Japan har og vore god. Der har dei innført meddomsrett i straffesaker. Valet sto mellom den anglo-amerikanske juryordninga eller meddomsrett, og ein delegasjon var ved UiB for å lære om den norske ordninga før dei valde.

Satsar digitalt
Både tilsette og studentar på fakultetet er opptekne av ressurssituasjonen: Det er svært mange studentar per tilsett på Dragefjellet, samanlikna med andre fakultet.

– Ressurssituasjonen vår er veldig krevjande. I nokre fagmiljø er det ein tilsett per ti studentar. Vi har femti studentar per tilsett. Men det nye rektoratet har heldigvis forstått at vi har behov, og at vi skal få til ei oppbygging. Her må ein tenkje langsiktig, seier Strandbakken.

– Og så vil vi ha betre kvalitet i undervisninga, lovar han.

– Kva vil de gjere for å nå det målet?

– Vi ser mellom anna på digital undervisning. Alle førelesningane våre i den obligatoriske delen av undervisninga blir tatt opp på video, og studentane våre har tilgang til dei, fortel Konow.

Men å leggje førelesningane ope ut på nettet meiner ho er passiviserande, og det er ikkje aktuelt.

– Å sjå førelesningar tatt ut av sin samanheng er ikkje godt nok. Det hjelper ikkje å kunne juss om du har ryggrad som kokt spagetti. Juss handlar òg om metode og etikk, utdjupar Strandbakken.

Dekan Asbjørn Strandbakken og prodekan Berte-Elen R. Konow er klar for fire år i leiinga av Det juridiske fakultetet. Foto: Dag Hellesund

For strenge på fjusk
Studentane skal få kvalitetsundervisning, og Strandbakken og Konow er opne for nye vurderingsformer.

– Juristar skal kunne argumentere skriftleg og munnleg. Vi er ikkje gode til å evaluere det munnlege, men skole- og heimeeksamen er gode måtar å evaluere det skriftlege på. Og så er det veldig viktig at vi legg til rette for at studentane våre har gode arbeidsvilkår, både dag og natt, seier Strandbakken, og signalerer klart at han er positiv til lange opningstider på lesesalane.

– Det kjem stadig fjuskesaker frå fakultetet, og ein student er i ferd med å gå til sak mot dykk, etter å ha blitt utestengd i eitt semester. Er de for strenge?

– Haldninga til fakultetet er at det skal reagerast mot fjusk, men vi er heilt ueinige i reaksjonen til klagenemnda. Difor har vi stoppa alle saker som skal dit. Men vi synest det er veldig bra å få avklart dette i retten, seier Strandbakken.

Reaksjonen til klagenemnda i fjuskesakene har vore å stenge studentane ute frå alle fag i eit semester. Strandbakken synest at det er straff nok i seg sjølv å få underkjent den aktuelle eksamenen. Då må studentane i realiteten vente to semester på å ta han opp igjen, då det berre er eksamen annakvart semester i kvart fag. I tillegg vil dei ha brukt opp ein av tre eksamensmulegheiter i faget, noko som gjer det vanskelegare å forbetre karakteren.

– For oss er det avgjerande at våre kommande juristar ikkje fjuskar, seier Strandbakken.

– Kjekt å jobbe med
– Kva vil de bli målt på om fire år?

– Vi vil ha lukkast i å byggje opp fakultetet endå meir, publisere meir internasjonalt og få fleire publikasjonspoeng. Så vil vi byggje oss opp som nasjonal aktør i rettsvitskap. Vi vil ha høg kvalitet på alt vi gjer, og gjere studieordninga endå betre, seier Strandbakken.

– Det er kjekt å jobbe med dette, for vi kan faktisk gjere ein forskjell, seier Konow.

Powered by Labrador CMS