Konsert og cd med verdas eldste hardingfeler

 

Sundag 5.februar kl. 14.00 blir det på Bergen Museum, Universitetet i Bergen,  presentert ein ny  CD med  gamle feleslåttar på dei eldste hardingfelene me kjenner til.

 

Sundag 5.februar kl. 14.00 blir det på Bergen Museum, Universitetet i Bergen,  presentert ein ny  CD med  gamle feleslåttar på dei eldste hardingfelene me kjenner til.

På ein konsert på museet skal to framståande kunstnarar frå Hardanger,  meisterspelemannen Knut Hamre ( f. 1952) frå Granvin  og den gåverike kollegaen hans, Benedicte Maurseth ( f. 1983), frå Eidfjord ,  spela på den vidgjetne Jaastadfela frå 1651, som er eldste kjende hardingfela i verda . Fleire av dei namngjetne Botnen-felene som vart laga i tida 1720-1750, og som truleg er dei nesteldste blant denne typen instrument.,blir òg brukte. Jaastad-fela har dei fått låna frå Bergen Museum , Botnen-felene  frå Ole Bull-akademiet på Voss, Hardanger Folkemuseum og frå private.

CD-innspelinga er gjord for GRAPPA musikkforlag på Norsk Folkemuseum på Bygdøy.På CD-en , og på konserten i Bergen,spelar Hamre og Maurseth på  dei gamle felene, og Nils Økland på barokkinstrumentet Viola d’amore .På Cd-en spelar Sigbjørn Apeland dessutan på Noregs eldste barokkorgel frå fyrste halvdel av 1700-talet.

Det var lensmann Ole Jonsen Jaastad frå Ullensvang som laga Jaastad-fela for 354 år sidan. Dette instrumentet er bygd som ei vanleg fele, men har to understrenger. Fela  er no i Dei kulturhistoriske samlingane i Bergen Museum.

Nærare hundre år seinare var det  felemakarane Isak og Trond Botnen ( far og son) frå fjellgarden  Skåro i Kvam herad  i Hardanger som dominerte marknaden, og framleis skal det finnast 50-60 feler etter Botnen-karane.

Dei gamle felene som er nytta til CD-innspelinga  og som blir å høyra på konserten 5. februar, er framifrå instrument som er gode å spela på, men dei siste 100-150 åra har dei for det aller meste  vore i ro , på museum eller i private heimar. Det er difor verdfullt  kulturelt pionerarbeid som blir gjort ved at våre eldste musikkinstrument her blir brukte og verdsette som fullgode , og der lyden for fyrste gong blir teken vare på  i ei CD-innspeling.

-Det har vore ei stor glede å spela på desse gamle felene, seier Maurseth og Hamre i en pressemelding frå Bergen Museum.

-Me har skift over til tarmstrenger og nyttar dertil  ein speleteknikk  som gjer at me får ein dusare lyd som er tilnærma lik den opphavlege , legg dei til.

Arrangørar er Bergen Museum og Laila Nordø Impresario & Cultur  Consult.

Billettar blir selde ved inngangen til konserten, Dei kulturhistoriske samlingane, Haakon Sheteligs plass 10 på Nygårdshøyden.

Powered by Labrador CMS