Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den nye sjefen skal bytta ut fly og taxi med tog og regnklede. Den gamle sjefen skal ikkje verta ein sjuande far i huset.
Aina Berg har flytta inn på det nye kontoret. Papira flyt allereie på pulten, noko avtroppande direktør Arne S. Svindland sjølvsagt erta henne litt for. Ikkje lett å sjå alvorleg ut på kommando då. Alle foto: Hilde Kristin Strand – Han har klart seg fint den første halvannan dagen. Aina Berg ler høgt og hjarteleg. Måndag byrja ho i stillinga som administrerande direktør i Uni Research. Arne S. Svindland, som har vore direktør dei siste sju åra, skal framleis ha oppgåver i selskapet. – Eg har ikkje tenkt å trappa ned, men eg er ferdig med å vera sjef. Kva oppgåvene mine skal vera, må me diskutera. Men eg skal absolutt unngå å vera ein sjuande far i huset, seier han. Ferdig med pendling – Me har brukt mykje tid på å gjera Unifob til eit skikkeleg selskap. No er me økonomisk solide, og ei medarbeidarundersøking viser òg at me har lukkast i å skapa ein god arbeidsplass, seier Svindland. – Eg er glad for å overta ein proff og fagleg sterk organisasjon, seier Berg. Ho kjem frå stillinga som administrerande direktør for Iris i Stavanger. Iris er eigd femti prosent av Universitetet i Stavanger og femti prosent av ei stifting. – Skilnadane mellom dei to selskapa er først og fremst at Uni Research er større og har ein større fagleg breidde. Iris er nok dessutan meir teknologiorientert. Men dei to selskapa opererer i same marknad og har tradisjon for både samarbeid og konkurranse, seier Berg. Ho bur i Arna, og har i utgangspunktet jobba frå Iris sitt kontor i Bergen. Men det har vorte mange turar til Stavanger, ofte har ho jobba der mellom to og fire dagar kvar veke. – No skal eg bytta ut taxi og fly med månadskort på toget og regnklede, humrar Berg. Vil ikkje berre springa – Basisløyvingar var aldri eit stort tema då selskapet vart oppretta. Men me ser at me har mindre å rutta med enn andre når det kjem til å utvikla ny kompetanse, seier Svindland. Han understrekar at Uni Rokkansenteret har fått basisløyving. – Ei basisløyving gjer at ein kan styra livet sjølv. Har ein ikkje det, må ein springa etter pengane. Det seier seg sjølv at det ikkje er ei god løysing i lengda, seier Svindland vidare. Ei basisløyving kan vera på seks eller sju prosent, kanskje mindre, av samla budsjett. Men pengane representerer eit viktig spelerom for strategiske satsingar, understrekar Berg. – Det er hard konkurranse om midlane, og tøffare og tøffare krav. Me ser at fleire av dei me konkurrerer mot, mellom anna Iris og Sintef, får slike løyvingar. Uni Research har brukt 17 millionar kroner frå eiga lomme på klimasatsing etter at Bjerknessenteret sin periode som Senter for framifrå forsking gjekk ut ved årsskiftet. Det lønte seg. Då Forskingsrådet delte ut klimakroner i vår, hamna hundre av millionane i Bergen. Halvparten av dei er knytt til prosjekt hos Uni Research. – Det betyr arbeid i mellom to og fire år, seier Svindland. – Måten me jobbar på, er ganske krevjande. Men me ser at arbeidsplassane er tryggare enn dei kanskje verkar, legg han til. – Nasjonalt forskingsselskap – Det handlar om å få bergensregionen til å blomstra og gjera kvarandre gode. – Du har jobba i Stavanger, i ein region som har rykte på seg for å vera gode på samarbeid. Kva er skilnadane? – I Stavanger har ein nærleiken til oljeselskapa, ein skal ikkje underslå at det er ein fordel. Men dei har berre kontor der, så det er fritt fram for alle å ha ein dialog med dei og få dei som kundar. Og Bergen har eit sterkt marint miljø, seier Berg. – I Stavanger er ein flinke til å samarbeida, men bergensregionen har kome godt i gang dei siste åra. Uni Research har hatt god hjelp både av det politiske miljøet lokalt, og gjennom Bergen næringsråd og NHO, supplerer Svindland. Berg er oppteken av å framleis ha eit godt samarbeid med UiB. Ho seier at det verken er noko i vegen for eller uvanleg at UiB og Uni Research sender inn kvar sin søknad om middel til same program i Forskingsrådet, og at ein i tillegg sender inn ein felles søknad. – Det som òg er viktig for meg, er at me er eit nasjonalt forskingsselskap, ikkje berre eit regionalt forskingsinstitutt. Me er opptekne av globale utfordringar og legg vekt på internasjonalt samarbeid, seier ho. – Og så har ein base i Bergen og utnyttar sjølvsagt det, legg Svindland til. Onsdag samla dei politiske partia seg til debatt på UiB. Uni Research ønskjer seg to ting i desse valkamptider. Det eine er basisløyving, det andre er eit ny finansieringsløysing. – Det noverande forma, med belønningsmidlar, gjer at samarbeid ikkje løner seg. Me håpar på eit system som prioriterer samarbeid. På den måten kan ein utnytta den totale kompetansen og bygga opp store miljø, seier Svindland. Vil inn i NFR – Personleg er eg nøgd med Forskingsrådet, seier Berg. – Det er dei ulike departementa som styrer kor mykje pengar som skal gå til dei ulike områda. Den ferske direktøren vil jobba for å få nokon frå Uni Research inn i NFR sine programstyre. – Då får ein med seg diskusjonar og får vera med på prioriteringar. Dette kan ein ta med tilbake til eigen arbeidsplass. Sjølvsagt vil ein verta inhabil i nokre saker av å sitja i eit slikt styre, men eg meiner at totalt sett er det eit konkurransefortrinn. – Det er godt at Arne framleis skal vera her, seier Aina Berg. Ho byrja i jobben som administrerande direktør for Uni Research måndag. Arne S. Svindland skal framleis jobba i selskapet.
Svindland har vore i leiinga i ti år, heilt sidan Uni Research vart stifta som Unifob. Dei siste sju åra har han sete heilt på toppen.
Medan universitet og høgskular og fleire forskingsinstitutt får pengar gjennom basisløyvingar, må Uni Research søkja om kvar einaste forskingskrone. Å få på plass ei finansiering i botn ser både avtroppande og påtroppande direktør på som ei svært viktig sak framover.
Den ferske UiB-rektoren Dag Rune Olsen har tatt til orde for meir samarbeid, mellom anna med næringslivet. Den ferske Uni-leiaren er heilt samd.
Forskingsrådet (NFR) er ei av fleire kjelder til forskingskroner for Uni Research. Men Forskingsrådet har det siste året fått kritikk frå fleire kantar, og særleg er ordninga med frie prosjektmidlar kritisert. Det er berre ein svært liten del av søknadene som vert innvilga.