Korleis bygge robuste forskargrupper – svar til Sunde og Berre

Publisert

LESARBREV: Eit kjernespørsmål for alle forskingsuniversitet er kva strukturar som fremjar god og nyskapande forsking, og bidreg til at institusjonen rekrutterer dei beste forskartalenta.

Jørn Øyrehagen Sunde og Inga Berre gjev sju gode argument for å organisere forskinga ved UiB i forskargrupper sett saman av fast vitskaplege tilsette, postdoktorar, og PhD-studentar. Team Olsen er samde i at forskargrupper er viktig for det ”innovative kretslaupet”, som Sunde og Berre skildrar. I tillegg vil vi framheve at forskargrupper er særskilt viktige i den moderne forskarutdanninga.

Samstundes meiner vi ein skal ha respekt for at universitetet har ulike kulturar, og at ikkje alle ser disiplinære eller tverrfaglege forskargrupper som ein optimal struktur for si forsking.

Sunde og Berre utfordrar rektorteama på kva som skal vera universitetet sine viktigaste virkemiddel for å støtte bygginga av gode forskargrupper. Team Olsen meiner det trengs ei rekke virkemiddel for å bygge og legge til rette for forskargrupper som kan ligge i fronten av forskinga. Her vil vi kort nemne nokre:

Eit fundament for  robuste forskargrupper er eit sunt økonomisk grunnlag, som kan finansiere faglege aktivitetar, postdoktorar og PhD-studentar. Mange forskargrupper er også avhengige av kostbart vitskapleg utstyr og infrastruktur med relativt kort levetid,  som er vanskelig å finansiere innanfor universitetet sine grunnbudsjett. Team Olsen vil stimulerer og legge til rette for bærekraftig og allsidig ekstern  finansiering frå

offentlege og private kjelder, til dømes det norske og det europeiske forskingsrådet  og Horizon 2020. Skal vi få dette til, må vi også etablere gode administrative strukturar som kan støtte opp om og effektivt handtere søknadsprosessar og prosjektøkonomi.

I bygginga av forskargrupper kan randsona vere eit viktig virkemiddel. Vi meiner at vi må bygge ned barrierar som hindrar etablering av sentra og samhandling med vår næraste randsone. Her har universitetet eit særskilt ansvar for å betre samhandlinga mellom universitetet og Uni Research.

Skal vi utvikle oss som eit forskingsuniversitet, er det viktig å reflektere rundt kva organisering som gir god forsking, og korleis ein kan implementerer dei relevante tiltaka. Team Olsen ser på forskingsleiarutdanninga, som dei fleste fakultet no etablerer, som eit viktig tiltak for å for å styrke og utvikle forskargruppene.  I tillegg trur vi det er viktig å legge vekt på fagfellevurderingar gjennom forskingsrådet sine evalueringar og gjennom ”Scientific advisory committees”  i utviklinga av forskargruppene.

Team Olsen ynskjer ei organisering på alle nivå som er tenleg for verksemda til eit forskingsuniversitet. Som eit ledd i dette vil vi arbeide for å fjerne ordningar og system som står i vegen for aktivitetar som går på tvers av fag, institutt og fakultet. 

 

Powered by Labrador CMS