Korleis få EU-midlar til genomforsking

Publisert

Onsdag 28. april inviterer UiB i samarbeid med Norges forskningsråd til informasjonsseminar om dei moglegheitene som ligg i temaområdet ”Life Sciences, genomics and biotechnology for health” under EU sitt sjette rammeprogram (FP6).

Deltakarane får høve til å møte leiaren for ein av forskingseiningane under Kommisjonen sitt generaldirektorat for forsking.

Dr. Alain Vanvossel leier ”Unit for Research on Major Diseases”, og skal vere hovudtalar på seminaret. Han vil presentere forskingsprioriteringar, deltaking og bakgrunn for det første tematiske forskingsområdet i FP6, som altså dekkjer funksjonell genomforsking, bioteknologi og helse. Seminaret er nasjonalt, og frist for påmelding er fredag 23. april.

– Dette temaområdet legg stor vekt på basal funksjonell genomforsking samt koplinga mellom basalforsking og klinisk forsking. Mykje av satsinga er også knytt opp mot applikasjonar av funksjonell genomforsking, og ein del av områda vil krevje at ein til dømes inkluderer forsking på etiske aspekt, seier seniorrådgjevar Astrid Bårdgard ved Forskingsavdelinga.

Framleis stort potensiale

Ho gjev det medisinske miljøet ved UiB skryt for å vere aktive i FP6. Mellom anna har ulike miljø ved Senter for internasjonal helse og ved Institutt for biomedisin fått akseptert fleire søknader om koordinerte forskingsprosjekt. Men framleis er potensialet i det medisinske miljøet totalt sett mykje større enn deltakinga tilseier.

– Det er svært viktig å posisjonere seg i høve til EU-forskinga. I det sjuande rammeprogrammet, som er under planlegging no og vil starte opp i 2006, vil det bli lagt stor vekt på excellence-tankegangen. Ein vil fokusere på sterke forskingsgrupper og store teknologiplattformer, og her lyt UiB-forskarar ta til å posisjonere seg allereie no, elles står vi i fare for å bli marginalisert, seier ho.


Høg UiB-deltaking i femte rammeprogram

Den norske deltakinga i det femte rammeprogrammet er nyleg evaluert, og her går det fram at Noreg deltok i 7% av alle FP5-prosjekta. UiB ligg på tredje plass i Noreg med deltaking i 101 prosjekt. Til samanlikning er Oslo med i 105 prosjekt, medan SINTEF ligg på topp med 147 prosjekt. UiB er den norske institusjonen som har koordinert flest prosjekt (40), medan UiO er koordinator for 30 prosjekt. UiB kom altså godt ut av deltakinga i FP5.

FP6 har større fokus på store integrerte prosjekt (IP), på såkalla Networks of Excellence (NoE) og på teknologiske infrastrukturar. Konkurransen om prosjekta har auka, og alt dette krev høg kvalitet på søknadane, også på dei delane som har med leiing og administrasjon å gjere. Likevel er UiB allereie deltakar i over 20 prosjekt under FP6, og mange UiB-koordinerte søknader ventar på evalueringsresultat i desse dagar. FP6 er enno ikkje halvveges, og mange utlysingar står att.


Må vere tidleg ute

– Voneleg vil vi klare å møte utfordringane vidare i FP6 og FP7 ved å byggje på røynslene vi har opparbeida oss. Vi oppfordrar forskarane til å halde seg oppdaterte på kva som vil kome. Ein kan ikkje starte planlegginga etter at utlysinga er komen, seier Bårdgard.

Ho oppmodar dei som vil søkje EU-midlar om å ta kontakt med Forskingsavdelinga.

– Folk går gjerne rundt med ei oppfatting av at det er uråd å få støtte gjennom sjette rammeprogram, men det er slett ikkje tilfelle. Vi hjelper gjerne til med råd om korleis søknaden bør utformast, og kvar ein kan søke. Dei som får støtte, framhevar spesielt den kompetansen og dei nettverka dei får tilgang til gjennom deltaking i prosjekta, fortel ho.

No får altså norske forskarar og prosjektkoordinatorar eit høve til å snakke direkte med Alain Vanvossel, som leiar eitt av områda i eit forskingsprogram som er svært viktig for norsk molekylærbiologisk, biomedisinsk og klinisk forsking. NFR vil også ha representantar på seminaret, som er lagt til BB-bygget. Påmelding skjer til Erick Haukebø Larson ved Forskingsavdelinga (erick.larson@fa.uib.no) innan fredag 23. april.

Powered by Labrador CMS