Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ein kvinneleg postdoktor på Det juridiske fakultet meiner seg handsama ulikt i ei tilsetjingssak, og krev å få jobb. Ho får støtte frå fleire professorar, og saka kan hamne i universitetsstyret og hos sivilombodsmannen.
Fakultetsstyret på Det juridiske fakultet vedtok i september 2011 å lyse ut ei stilling som førsteamanuensis i offentleg rett, og etter ei vurdering av søkarane blei tre av dei vurderte som kvalifiserte til stillinga. Den klagande postdoktoren, Anneken Kari Sperr, blei rangert på tredje plass. Førstekandidaten blei innstilt til tilsetjing i fakultetsstyremøtet i september 2011. I det same møtet blei det og utlyst ei stilling som førsteamanuensis i konfliktmekling, etter at ein professor II som hadde undervist i spesialemnet, slutta i stillinga.
Førstekandidaten trekte seg, og fakultetsstyret avgjorde i møtet i oktober 2012 at den neste på lista, Camilla Bernt, skulle bli tilsett, med særleg kompetanse innanfor konfliktmekling. Styret vedtok òg at dei ikkje skulle tilsette fleire, og trekte difor den andre stillinga tilbake. – Ulik handsaming Dei hevdar og at ho har vore utsett for ei urimeleg og usakleg handsaming ved at tre andre stillingar som førsteamanuensis har vore utlyste samtidig på andre fagfelt innanfor jussen, og at desse utlysingane har vore skreddarsydde til einskilde kandidatar. Dei ber difor om at Sperr òg må få tilbod om stilling som førsteamanuensis ved Det juridiske fakultet. Kjenner seg ikkje igjen Strandbakken og fakultetsdirektør Øystein L. Iversen meiner og at det ikkje er grunnlag for påstanden om at andre førsteamanuensisstillingar er retta mot doktorgradsstipendiatar som er i ferd med å avslutte sine avhandlingar, og viser til at desse er utlyste og konkurranseutsette på vanleg måte. – Eg kjenner meg ikkje igjen i framstillinga av saka som diskriminering eller ulik handsaming. Eg har forståing for at folk som er kvalifiserte og ikkje blir tilsett i ei stilling er svært frustrerte, men det kan vere eit dårleg signal at om ein berre trugar nok, så blir ein tilsett, sa Strandbakken i styremøtet. Vil lyse ut ny stilling Fem styremedlem røysta for å tilsette Sperr utan vidare utlysing. Dekanen var blant desse. Eit fleirtal på seks røysta imot, mellom andre prodekan Knut Martin Tande og dei tre studenrepresentantane i styret. Deretter vedtok styret samrøystes å lyse ut ei stilling som førsteamanuensis i offentleg rett, som er spesialområdet til Sperr. Fakultetsstyret meinte saka var vanskeleg, men fleirtalet kom til at det må gjerast ei ny utlysing. Prodekan Knut Martin Tande (til venstre) og dekan Asbjørn Strandbakken røysta ulikt i spørsmålet om Sperr skulle tilsettast no. Foto: Dag Hellesund. – Ikkje ei god løysing – For min del meiner eg at dette fakultetsstyremøtet bidreg til å forsterke den feilen som allereie er gjort. Vi meiner at det rette ville ha vore å tilsette personen der og då. Slik saka står no tenker eg at ei fornya utlysing ikkje er noka god løysing på saka. Om Sperr blir tilsett er det eit hyggeleg resultat, men eg synest at ein mister litt av det prinsippielle ved å gjere det på denne måten. Det blir å feie det litt under teppet, seier Lunde til På Høyden. Han meiner og at det er påfallande at prodekanen og studentrepresentantane røystar mot å styrke lærekreftene ved fakultetet. Sperr har allereie varsla at det kan bli aktuelt å anke saka inn for universitetsstyret, og eventuelt sivilombodsmannen seinare. Hennar postdoktorstipend gjekk ut ved nyttår, men ho vil framleis jobbe ved fakultetet ein periode for å undervise i vår.
Dette meiner Sperr og hennar støttespelarar er ei ulik handsaming av ho og Camilla Bernt, som blei tilsett. Professorane Henriette Sinding Aasen, Tore Lunde og Torstein Frantzen ba i forkant av fakultetsstyremøtet i desember om at vedtaket skulle bli omgjort. Dei tre meiner saman med Sperr at styret la særleg til rette for søkar nummer to ved å utlyse ei stilling i konfliktrett, men at søkar nummer tre, altså Sperr, ikkje fekk den same handsaminga.
Dekan Asbjørn Strandbakken avviser påstanden om at fakultetsstyret har lagt særleg til rette for Bernt, og viser til at utlysinga av ei stilling i konfliktrett skjedde fordi ein mista lærekrefter i faget, og ikkje fordi ein ville spesialtilpasse ei utlysing til Bernt.
Styret syntest at saka var vanskeleg, men at Sperr sine argument om at ho hadde juridisk krav på ei stilling ikkje var haldbare. På same tid ga styret uttrykk for at dei trong kompetansen hennar, og at fakultetet treng fleire lærekrefter.
Professor Tore Lunde er ikkje nøgd med handsaminga av saka i fakultetsstyret.